Image

Bli medlem

På bygdene møter du det typiske "laget i bygda" som er involvert i det meste som skjer i lokalsamfunnet, du finn dei små laga med få medlemer og ganske liten aktivitet, du finn ungdomslag med brei aktivitet som gjerne endrar seg frå år til år og du møter lag som har spesialisert seg på ein type aktivitet - folkedanslag, teaterlag og barnelag. I byane møter du ofte større lag, bondeungdomslaga (BUL), med særlag innan t.d. teater, bunad, musikk eller folkedans.

Kva er så fellestrekka mellom alle ungdomslaga? Alle laga jobbar med å skape betre lokalsamfunn gjennom meiningsfylte kulturaktivitetar. Kven som helst kan bli med i eit ungdomslag, ung som gamal. I ungdomslaga er det stort mangfald, og ingen krav om å halde på med ein spesiell type aktivitet. Ungdomslaga skal vere frilynde - altså opne og inkluderande. Ungdomslaga er også tradisjonsberarar og demokratisk oppbygde.

Noregs Ungdomslag er den mest mangfaldige kulturorganisasjonen i landet. Meld deg inn i eit lokallag, eller meld laget ditt inn i landsskipnaden!

 Image

10 gode grunnar til å vere medlem

  1. Attraktiv Noregs mest spennande og mangfaldige kulturorganisasjon.
  2. Lokal 400 ungdomslag kjempar for fantastiske lokalmiljø landet over.
  3. Generasjonsglad Barn, ungdom, vaksen og godt vaksen i lag? Ja visst, i Noregs Ungdomslag så!
  4. Teaterentusiast Noregs største amatørteaterorganisasjon med over 150 grupper. Stor spennvidde, nyskapande og med høg kvalitet.
  5. Folkedansfantast Noregs største folkedansorganisasjon med over 300 grupper. Fagleg kvalitetsleverandør innan bygdedans, runddans, turdans, songleik, songdans og moderne dans.
  6. Aktuell Politisk engasjert – verdiorientert lokalt og nasjonalt.
  7. Frilynd Fri tanke, optimistisk menneskesyn, inkluderande, open og romsleg.
  8. Tradisjonsberar Tar vare på og utviklar den norske folkelege kulturen.
  9. Utypisk Ungdomsklubb, bunadkurs, dataparty, teatersport, basar, salsa, bygdefest, idrett og kor – gjerne i eitt og same ungdomslag.
  10. Frivillig 14 000 medlemmer som står på for å skape gode miljø i by og bygd.

Medlemsfordelar

Ved å framvvise medlemskortet ditt i Noregs Ungdomslag, kan du få følgjande fordelar
 

  • 20 % rabatt på Comfort Hotel Saga, Tromsø.
  • 10% rabatt på BAR-prisar (beste tilgjengeleg pris) på Hotel Bondeheimen i Oslo.
  • 20 % rabatt på Det Norske Teatret i Oslo.
  • Rabatt på eit utval Kaffistover.
  • NU har avtale med Nordic Choice-kjeden. For å få rabatt, må du då gå direkte på  www.nordicchoicehotels.no/ og skriv inn i feltet kampanjekode: 66457 det vil då kome opp prisar merka idrett. (20%) rabatt.


I tillegg får medlemene medlemsprisar på kurs, seminar og festivalar som NU skipar.

Kontingentsatsar:

Kontingent per medlem under 26 år: 95
Kontingent per medlem over 26 år: 190
Direktemedlemsskap for medlemmer under 26 år: 150
Direktemedlemssskap for medlemmer over 26 år: 300

 
Vil du bli medlem?

Send ein e-post til post@ungdomslag.no 


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign