Image

Stønadsordningar og rabattavtalar

Store forsikringspengar å spare som medlem
NU og lag i NU med lagshus kan gjere bruk av alle gode innkjøpsavtalar gjennom KNIF (Kristen-Norges innkjøpsfellesskap), og forsikringsordningar gjennom  KNIF-forsikring. Lag med hus har spart mange pengar gjennom å gå inn på denne avtalen. Eit døme på dette er Hellfjell Ungdomslag i Mosjøen. Ungdomsalget og andelslaget for grendehuset fekk forsikringspremien redusert med 25 000 kroner ved å byte forsikringsselskap. 

Spelemidlar

”Desentralisert tilskottsordning for regionale og lokale kulturbygg” er ein del av spelemidlane frå Norsk Tipping og blir forvalta av fylkeskommunane. Det finst nokre overordna reglar, men retningslinjer, søknadsprosedyre og fristar er ulike frå fylke til fylke. Undersøk både med kommunen og fylkeskommunen (kulturavdelinga).

Stiftingar, fond, legat m.m.

Sparebankstiftelsen (DnB), Gjensidigestiftelsen, Tryg, If, lokale bankar og forsikringsselskap m.fl. har årlege tilskott til barne-, ungdoms-, kultur- og fritidsarbeid. Sjekk og lokalt næringsliv og legathandboka.no.

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign