Image

Kven veit?

Image

Kven veit? er ei kunnskapstevling der deltakarane får teste allmennkunnskapane sine, og vi har to klasser: Junior Kven veit? for dei opp til 14 år og Senior Kven veit? for vaksne over 14 år. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er tema for tevlinga. 

Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar tilsendt studiemateriell om temaet for årets tevling. I studiemateriellet vil de få lese artiklar knytt til tema. Vi forsøker å lage eit studiehefte som både er morosamt og lærerikt å lese.

Kven Veit? er både eit opplegg for studiering og ei kunnskapstevling. I tevlingsrundane svarar tevlingslaga på spørsmål henta dels frå tema og dels frå allmennkunnskap.

Søk om vaksenopplæringsmidlar
Du finn meir informasjon om reglane for vaksenopplæring på heimesidene til Studieforbundet kultur og tradisjon. 
 

Du søker støtte og finn studieplan for Kven veit? her

Deltakaravgift

Deltakaravgifta for Senior er kr kr 450 for kvar gruppe, samt kr 65 per deltakar for studiemateriel. Vi gir rabatt til lag med mange grupper. Deltakaravgifta er frå og med fjerde gruppe kr 300.

Deltakaravgift for Junior er kr 300 for kvar gruppe, og studiemateriellet er gratis.

Vinnarane
Det beste laget samanlagt etter dei tre tevlingsrundene vert kåra som vinnar av Kven Veit. Dei tre beste lag, både i senior og i junior, får pengepremar. Vinnarlaget får 2000 kroner, andreplass får kr 1000, og tredjeplass får kr 500.  Resultatlistene vert kunngjort på www.ungdomslag.no etter kvar tevlingsrunde.


Kven veit? Resultat etter første runde 2017

Resultat etter første runde er no klar, og Bergen Ungdomslag Ervingen lag C og Vågå Ungdomslag leier! Hos juniorane leiar Fjærland UL med Kyrkjebø UL i hælande. Les resten av resultatlista her.

Les meir»

Kven veit? 2017

Det skipast til ein ny runde av kunnskapstevliga Kven veit?. I 2017 er temaet Frilynd. Bli med og bryne deg mot NU sine skarpaste skallar!

Les meir»

Fjelli UL og Bergen Ungdomslag Ervingen vinnarar av Kven veit? 2016

Resultata etter siste runde i Kven Veit? senior og junior er no klare, og vinnarlaga er kåra. Her kan du lese heile resultatlista.

Les meir»

Kven veit? Resultat etter andre runde 2016

Resultat etter andre runde er no klar, og Bergen Ungdomslag Ervingen lag D og Røstkvervet UL har bytta plassering. Hos juniorane er det Fjelli UL og Fjærland UL lag B som er i tet. Les resten av resultatlista her.

Les meir»

Kven veit? Resultat etter første runde 2016

Resultat etter første runde er no klar, og Bergen Ungdomslag Ervingen lag D og Røstkvervet UL leier med 29 poeng! Hos juniorane er det Bygstad skule 7D og Fjærland UL lag B som er i tet. Les resten av resultatlista her.

Les meir»

Kven veit? 2016

Det skipast til ein ny runde av kunnskapstevliga Kven veit?. I 2016 er temaet Ungdom i 100!. Bli med og bryne deg mot NU sine skarpaste skallar!

Les meir»

Røstkvervet UL og Fjelli UL er vinnarar av Kven Veit? 2015!

Resultata etter siste runde i Kven Veit? senior og junior er no klare, og vinnarlaga er kåra. Her kan du lese heile resultatlista.

Les meir»

Kven veit? Resultat etter andre runde 2015

Resultat etter andre runde er no klar, og Røstkvervet UL leier med 51 poeng! Men Bergen UL Ervingen ligg hakk i hæl med 49 poeng og BUL Steinkjer 46 poeng. Les resten av resultatlista her.

Les meir»

Kven veit? Resultat etter første runde 2015

Resultat etter første runde er no klar, og Røstkvervet UL leier med 28 poeng! Men Bergen UL Ervingen ligg hakk i hæl med 27 poeng og BUL Kristiansand, Røros Folkedanslag og Samhald UL har sanka 26 poeng. Les resten av resultatlista her.

Les meir»

Kven veit? 2015

Det skipast til ein ny runde av kunnskapstevliga Kven veit?. I 2015 er temaet Levande lokalkultur. Bli med og bryne deg mot NU sine skarpaste skallar!

Les meir»
 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign