Image

Organisasjonsopplæring/ verktøykassa

Mange av fylkeslaga i Noregs Ungdomslag har kurs i ulike organisasjonstema: Korleis bli ein betre tillitsvald eller leiar, korleis profilere aktiviteten og meiningane våre, praktisk lagsdrift, motivasjon, prosjektstyring, økonomi, støtteordningar… Dette er grunnleggande kurs som kan utgjere forskjellen mellom eit godt, kunnskapsrikt styre og eit middelmådig styre.

På sentrale tilskipingar kan ein fordjupe seg innan visse organisasjonstema ved å delta på fagseminar. Dei seinare åra har NU tilbydd fagseminar i m.a. media, rolla som ressursperson og i korleis å bli proff amatør.

NU hjelper også med å skaffe lærarar for lag og fylkeslag som vil halde kurs. I tillegg kan vi tilby eit godt verktøy for opplæring;

Verktøykassa

Den første Verktøykassa var ferdig til bruk i 1997, og mang ein kurslærar innan organisasjonsarbeid har hatt glede av permen. Den nye Verktøykassa frå 2007 er ganske annleis både i innhald og utforming, men med same siktemål: Å gjere det enkelt å vere kurslærar i organisasjonsarbeid.
 

I Verktøykassa finn du lærarrettleiing og presentasjonar. Du lastar ned kursemna ved å klikke på menyane til venstre, og laste ned pdf-filene under kvart tema. Her kan du òg laste ned presentasjonar i pdf som du kan bruke som lysark (transparent) eller til framsyning med PC og projektor. Under kvart hovudtema finn du ulike delemne som er bygd opp etter same mal, med rettleiing, bakgrunnsstoff, praktiske oppgåver og eventuelt tilleggslitteratur og ark til utdeling.
 

Du må ha programvaren Adobe Reader for å kunne lese pdf-filene (Adobe Reader kan lastast ned gratis). Verktøykassa kan òg tingast som ferdig kursperm frå Noregs Ungdomslag til kr 200.

Last ned: innhald - gode kursleiar (.doc)

Last ned: andre aktuelle kurstema (.doc)
 

Last ned: litteraturliste (.doc)

Verktøykassa er utgitt av Noregs Ungdomslag. Oslo, april 2007


Tekst og formgjeving:
Åge Avedal
Illustrasjonar: Svein Nyhus / Verktøykassa 1997
Grafiske element: Fredrik Rysjedal

Verktøykassa er laga med støtte frå Haugesund Mållag og Ungdomslag

Noregs Ungdomslag © 2007



Ungdomshuset

For mange lag kan det vere utfordrande å drive eit ungdomshus. Gjennom dette emnet vil vi gjere oppgåva litt mindre krevjande.

Les meir»

Sjølvtillit

I organisasjonslivet kjem ein stadig bort i nye og kanskje litt skumle situasjonar. Under dette emnet er det viktig å få kursdeltakarane til å kaste seg ut i nye situasjonar, oppleve meistring og sjølv finne fram til svara.

Les meir»

Engasjement og rekruttering

Ungdomslaga skal gje god opplæring i demokratiske prosessar, dyrke fram medlemmer som engasjerer seg i samfunnet og rekruttere deltakarar til aktiviteten og medlemmar til laga.

Les meir»

Lobbyarbeid

Kva kanalar for påverknad finst? Korleis kan ein gå fram når ein vil nå fram med ein bodskap? Kvifor drive lobbyarbeid? Dette er spørsmål som vil bli diskutert under dette emnet, som omhandlar organisasjonane si rolle som samfunnspåverkar.

Les meir»

Media og marknadsføring

Frivillige lag og organisasjonar har ei stor utfordring i å skape god informasjonsflyt innad i laget og i å synleggjere laget for omverda. Målet er å gje deltakarane nye idear til korleis å drive informasjonsarbeidet

Les meir»

Støtteordningar og søknader

Får vi tak i pengar kan vi skape meir aktivitet. Samtidig skjer det stadig endringar innan støtteordningar til frivillig kulturarbeid. Retningslinjene og storleiken på støtta kan variere frå år til år.

Les meir»

Planlegging og prosjektstyring

God planlegging er ofte nøkkelen til godt gjennomførte aktivitetar og prosjekt. Dette emnet egnar seg fint til å jobbe med både gjennom presentasjon og oppgåver.

Les meir»

Arbeid i styret

Å vere tillitsvald i ungdomslaget eller ein annan lokal organisasjon kan vere inspirerande, lærerikt, utviklande og til tider frustrerande eller utmattande. Målet med dette kursemnet er å betre grunnlaget for at tillitsvervet blir interessant og oppløftan

Les meir»

Ungdomslaget

Dette er eit tema det er viktig at deltakarane får kjennskap til, slik at dei får opp auga for kva verdiar NU er tufta på, kva sørvis sentralleddet kan gje og slik at deltakarane kan identifisere seg med og bli stolt av sitt lokale lag og Noregs Ungdomsla

Les meir»

Metoder og leikar

Under dette emnet har vi presentert ein del metodar som du kan ta i bruk som kurslærar, og ein del leikar for å skape energi i gruppa eller som kan brukast når deltakarane skal bli kjent med kvarandre og kurslæraren.

Les meir»
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign