Image

Landsmøtet 2015

Noregs Ungdomslag sitt landsmøte blir halde på Quality Hotel 33 i Oslo, laurdag 18. og søndag 19. april. Deltakarane blir samtidig invitert til å delta på ulike faglege seminar fredag og laurdag.

Påmeldingsfristen til landsmøtet er 20. mars, og det er to ulike skjema som må sendast inn:

1. Fullmaktsskjema, som stadfester at personane har fullmakt til å representere laget
Dette kan sendast inn direkte på nett gjennom denne lenka
Skjemaet kan og sendast inn som eit fysisk dokument. Her finn du lenke til word-dokumentet du då fyller ut.

2. Påmeldingsskjema frå kvar utsending, der ein melder seg på dei ulike seminara
Påmeldingskjemaet kan fyllast inn direkte på nett gjennom denne lenka. *
Skjemaet kan og sendast inn som eit fysisk dokument. Her finn du lenke til word-dokumentet som då skal fyllast ut.

* Lenka til påmeldingsskjemaet, om du vil sende denne på epost til utsendingen slik han/ho kan melde seg på direkte: http://goo.gl/forms/8YQaepa4q0


Adresse for innsending av fysiske skjema er post@ungdomslag.no, evt NU, postboks 414 sentrum, 0103 Oslo.

Timeplan og saker til handsaming:
I artiklane nedanfor finn du detaljert timeplan, sakliste med lenker til saksdokument, samt praktisk informasjon om landsmøtehelga.

Odde/Sandum/Odde spelar på Landsmøtet

Laurdag 18. april blir det folkemusikkonsert med trioen Odde/Sandum/Odde. Dei tre har spelt mykje saman, blant anna i gamaldansgruppa Lendmenn

Les meir»

Praktisk informasjon

Her finn du informasjon om tidsrammer for møtet, deltakaravgifter samt forklaringar til korleis du kjem deg fram til landsmøtehotellet.

Les meir»

Program for landsmøtehelga

Her finn du timeplan og seminarprogram for landsmøtehelga

Les meir»

Sakliste og sakspapir til landsmøtet

Etter at laga sin frist for å melde inn saker til møtet gjekk ut 20. februar, har styret sett opp ei endeleg sakliste for møtet. Denne finn du her, saman med årsmelding og rekneskapet for 2014.

Les meir»
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign