Image

Innkalling til landsmøtet 2018

Noregs Ungdomslag sitt landsmøte blir halde i Oslo på Scandic St. Olavs plass (tidlegare Scandic Edderkoppen), laurdag 28. og søndag 29. april. 

I år blir det lagt større rammer rundt landsmøtet, der også personar som ikkje skal delta på det formelle landsmøtet vil få eit tillbod. Vi håper difor at laga vil vurdere å sende fleire personar til å delta på denne storstilte NU-helga:

  • Det vil som tidlegare år bli lagt opp til faglege seminar både fredag og laurdag, og desse seminara er opne for alle. Les meir her.
  • Det vil bli arrangert eit eige demokratiseminar på fredag. Dette blir halde i Nynorskens hus (BUL Oslo), og er ope for alle.
  • Vi tilbyr også instruktørkurs i dans og teater, samt kurs i handsydde dåpsluer. Desse kursa går parallelt med landsmøtet, og er difor tiltenkt dei som ikkje skal på landsmøte. Les meir her.
  • Laurdag kveld blir det dans i BLS sine lokale i Nordal Brunsgate 22, med musikarane Vegar Vårdal (fele), Patrik Andersson (fele) og Åsmund Reistad (gitar, madola m.m.) Dansefesten er også open for alle.

Utsendingar til landsmøtet:
Påmeldingsfristen til landsmøtet er 19. mars, og det er to ulike skjema som må sendast inn. Desse finn du lenke til i ein av artiklane nedanfor. 
I artiklane finn du all praktisk informasjon om NU-helga.

Andre som vil delta på NU-helga:
Felles påmeldingsfrist for kursa og seminara er 11. april. Lenke til påmeldingssida finn du her.
 

Samla program for NU-helga

I tillegg til det formelle landsmøtet er det lagt opp til eit kulturelt og sosialt program for helga, som er opne for alle interesserte. Eit samla program for helga finn du her.

Les meir»

Påmeldingsskjema til landsmøtet

Her finn du lenke til fullmaktsskjema som laget må sende inn, samt til individuelle påmeldingsskjema for utsendingane. Hugs påmeldingsfristen 19. mars.

Les meir»

Førebels sakliste for landsmøtet

Styret har satt opp ei førebels sakliste for møtet. I tillegg kan medlemmene gjennom laga kome med framlegg til saker ein ønskjer landsmøtet skal handsame. Frist for dette er 2. mars

Les meir»

Landsmøteavgift og overnatting

Landsmøteavgifta er kr 3.200 per person. Denne dekker seminar, lunsj laurdag og søndag samt middag og dansefest laurdag kveld. Kostnader til evt overnatting frå fredag kjem i tillegg.

Les meir»
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign