Skagestad fekk Huldaprisen

- Liv Hege Skagestad får Huldaprisen 2011 for å ha vore ein teaterpionér som har skapt nye arenaer der menneske har møtt menneske og fordi ho har utvikla teateret i Noregs Ungdomslag. Ho har flytta det profesjonelle teateret nærare oss, og flytta oss nærare det profesjonelle teateret., seier Kristian Fjellanger, styreleiar i Noregs Ungdomslag og jurymedlem.

Som ei drivraft og ein entrepenør for både Norsk Amatørteaterfestival og Den mangfaldige scenen har ho skapt varige endringar i måten Noregs Ungdomslag arbeider med teater på - og lagt grobotn for korleis Noregs Ungdomslag skal vere med å skape eit nytt fellesskap i Noreg.

Juryen har lagt vekt på hennar evne til å inspirere og begeistre andre i sitt arbeid. Liv Hege Skagestad har med sin viljestyrke, sitt pågangsmot og si teaterglede gjort seg til ein sentral aktør når teaterhistoria til Noregs Ungdomslag skal skrivast, seier Fjellanger.

Om prisen:
Huldaprisen vert gjeve til einskildpersonar, lag, organisasjonar eller institusjonar som har arbeidd for å fremje og betre rammetilhøva for norsk amatørteater. Arbeidet skal vere tufta på Noregs Ungdomslag sine grunntankar om opplæring, formidling og trua på einskildindividet som ressurs. Det vil bli sett på som ein føresetnad at mot¬takaren av Huldaprisen i arbeidet har lagt vekt på å heve den kunstnarlege kvaliteten på amatørteatret.