Nordic Dance 2012 i gong

Foto frå Nordic Dance-samling

Det nordiske talentprosjektet Nordic Dance 2012 hadde si første øving i Oslo helga 6. til 8. mai. Fire folkedanstalent og fire folkemusikktalent frå Danmark, Sverige, Finland og Noreg skal lage ei forestilling som vil ha premiere under Nordlek.

Bygger på erfaringar
Noregs Ungdomslag har gjennomført nasjonale talentprosjekt for folkedansarar i fleire år, og Nordic dance 2012 bygger vidare på erfaringar frå mellom anna Sans for dans-prosjekta.

Prosjektleiar for Nordic Dance 2012, Nina Fjeldet, fortel at ein i Noreg hatr eit mangfald av lokale dansetradisjonar:

- Dei nasjonale prosjekta har handla om å fordjupe seg i eigen tradisjon, samt finne eigen og felles identitet som dansar.

Saman med profesjonelle folkedansarar, musikarar og koreografar har dei satt dette inn i ei moderne ramme på scena.

Talentutvikling i ein fellesnordisk samanheng
- I Nordic Dance 2012
vil vi tenkje nasjonale dansetradisjonar, identitet og nyskaping, og sjå dette i ein fellesnordisk samanheng. Gjennom prosjektet vil talenta utvikle seg som dansarar eller musikararar, lære mykje om det å lage ein produksjon og ikkje minst om det å arbeide saman i eit stort ensamble, seier Fjeldet.

Frå Noreg er desse ungdomane med i prosjektet: Anbjørg Myhra Bergwitz, Audun Grüner Hegge, Silja Solvang, Åshild Kjosvatn, John Brodal og Gard Nergaard. 

Pedagogisk og kunstnarleg ansvarlege er Vegar Vårdal (Noreg) og Paula Kettu (Finland). Alle øvingshelgene er i Oslo, Voksenåsen konferansesenter.