Folkedanslag, teaterlag, barnelag eller noko anna?

Noregs Ungdomslag har lokallag over heile landet. Aktiviteten spenner seg frå lag som har ein brei aktivitet som gjerne endrar seg frå år til år, til dei som har spesialisert seg på ein type aktivitet – folkedanslag, teaterlag og barnelag.  Felles er gjerne at laga tilbyr opplæring, om det er i yoga, tradisjonshandtverk, motorsag, teatersminke, samdansteknikk eller lefsebaking.