Sommarleiren

Sommarleiren er det største ungdomsarrangementet i Noregs Ungdomslag. Kvar sommar kjem det ungdom i alderen 13-25 år frå heile landet for å kose seg med dans, musikk, teater, gamle og nye vener, sommar, sol og mykje moro! 

Sommarleiren 2019 finn stad på Skogn Folkehøgskule i Trøndelag frå tysdag 2. til sundag 7. juli. 

Dette er første gong leiren gjestar Skogn FHS, men det er ikkje sikkert det blir den siste. Vi tek med oss godvéret og godstemninga frå leiren på Solbakken i fjor, og satsar på nok ein leir med stor suksess. Mykje er likt som tidlegare, men årets leir vil også by på nye ting. Ein av dei er at Målungdommen blir med og skipar til leir. Det trur vi vil bli veldig kjekt fordi det då er endå fleire ungdommar å bli kjent med. Det kan også hende at det kjem ein gjeng utanfrå Noreg, men der må vi halde ting litt hemmeleg enda. Uansett, det blir mykje å sjå fram til, så følg med framover på heimesida, Snapchat, Instagram og Facebook.

Vi gler oss til å sjå deg i Skogn!

Les meir om sommarleiren på vevsida til sommarleiren: www.sommarleiren.no