Send inn din nominasjon!

Satsinga Ungt Leiarskap er meint som eit eksklusivt tilbod med høg kvalitet til ungdom rundt om i lokal-, og fylkeslag. No vil me gjerne ha inn forslag til deltakarar. Kan hende du kjenner nokon som passar til prosjektet?

I 2018 gjennomførte Noregs Ungdomslag første runde av satsinga Ungt Leiarskap med eit knippe unge deltakarar frå ulike lokallag i organisasjonen. Deltakarane som deltok på kurset i 2018 var enormt nøgde og ga svært gode tilbakemeldingar. Dei opplevde å få ny og styrka motivasjon for å bidra i Noregs Ungdomslag, og veit nå langt meir om korleis dei kan bruke eigen leiarkompetanse for å skape meir aktivitet både lokalt, regionalt og sentralt. Dei har blitt betre kjent med seg sjølve og fått tenkje stort rundt kven dei ønskjer å vere, og har blitt godt kjent med dei andre deltakarane. Noregs Ungdomslag ønskjer å byggje vidare på dette og skape nye eldsjeler, ressurspersonar og nettverk for organisasjonen vår. Derfor gjennomfører vi no ei ny runde, og alt vi treng er deltakarar.

Dette er ikkje eit kursopplegg kor ein melder seg på. Som nemnt er dette eit eksklusivt, og gratis, tilbod til dei deltakarane som får plass. Årsaka til avgrensinga i gruppestorleik har å gjere med visjonen og pedagogikken til kurshaldarane hjå Fundatum, ei stifting som jobbar med leiarutvikling og kompetansebygging for unge eldsjeler og talent. Me i NU er svært begeistra over å ha eit samarbeid med nettopp Fundatum, og at me kan nytte deira kompetanse for å auke kompetansen og engasjementet til ungdom internt i vår organisasjon. (https://fundatum.webnode.com

Kven er Målgruppa?

Målgruppa for Ungt Leiarskap er unge medlemmar, føretrinnsvis i alderen 16-20 år. Vi ønskjer å nå tak i dei ungdommane som har vist eit engasjement for noko lokalt, kanskje teke initiativ til aktivitet, eller vist interesse for lokallaget eller organisasjonen som heilheit. Det er ikkje noko krav at ein sit med eit verv, eller har ein draum om å ein dag bli leiar i Noregs Ungdomslag, men dette er heller ikkje negativt. 

Deltakarane må vere førebudd på ganske intense dagar kor ein jobbar mykje med å bli kjent med seg sjølv og eigne kvalitetar som leiar. Dei vil få god innsikt i korleis ein kan jobbe i ulike grupper, dei vil få konkrete oppgåver og oppdrag undervegs, og på den måten få god erfaring i å handtere ulike situasjonar. Det er viktig at deltakarane er personar som tør å bli med, som tør å by litt på seg sjølve og kanskje utfordre seg sjølve litt. 

Nominer ein ungdom!

I år vil første samling vere samstundes med Landsmøtet i Oslo siste helga i april. Det er eit sterkt ønskje at deltakarane på Ungt Leiarskap også blir sendt som delegatar til Landsmøtet frå sine lokallag. Utanom møtetida, vil det bli lagt opp til samlingar, seminar, diskusjonar og oppgåver for gruppa i Ungt Leiarskap.

Neste samling vil finne stad i Skogn under Sommarleiren 2.-7.juli. Her vil deltakarane ha tre og ein halv dag med kurs og oppgåver i same tidsrom som Sommarleirkursa. Under sosiale aktivitetar på kveldstid og under utflukta siste leirdag, vil Ungt Leiarskap-deltakarane vere saman med Sommarleirdeltakarane. Dette vil med andre ord bli ei stor og sosial samling kor ein kombinerer leiarskuleringa med leiren, vår største møtestad for ungdom. Kostnadar for deltakarane vil bli dekka av prosjektet, og det er heilt nødvendig at ein deltek under begge samlingane. 

Kjenner du ein ungdom som er aktuell for Ungt Leiarskap? Det kan vere nokon i ditt eiget lokallag, ein ungdom du kjenner frå andre lag, eller nokon du har lagt merke til. Viss du kjenner nokon som bør få moglegheit til å delta i Ungt Leiarskap og vekse som ressursperson, vil me at du nominerer vedkommande ved å sende ein e-post med kort grunngjeving til rita@remove-this.ungdomslag.remove-this.no seinast 1.april. Du må veldig gjerne snakke med ungdommen om nominasjonen. Etter fristen vil me ta kontakt med dei nominerte for ein kort samtale, og ganske raskt deretter velje ut deltakarane for i år. 

Målgruppe: Ungdom 16-20 år med engasjement og interesse
Tid: 26.-28 april og 2.-7.juli 2019
Stad: Oslo og Skogn
Nominasjonsfrist: 1.april
Kontakt: rita@remove-this.ungdomslag.remove-this.no