Bunaden i NU

Noregs Ungdomslag har ei rik og lang historie som ein organisasjon som er oppteken av bunad. Heilt sidan Hulda Garborg reiste rundt i landet og inspirerte til bunadsarbeid har bunaden vori ein del av arbeidet til norskdomsrørsla og andre organisasjonar. Med Klara Semb kom bunad inn som ei sentral arbeidsoppgåve for Noregs Ungdomslag. Lag og medlemer har lagt grunnen for mange av bunadene som er i bruk i Noreg i dag, og i praktisk bruk er det ingen som brukar bunaden meir enn medlemene i ungdomslaga.