Bunadspolitisk plattform

Bunadspolitisk plattform er det politiske fundamentet for Noregs Ungdomslag sitt arbeid med bunad, og ligg til grunn for utforming av langtidsprogram og arbeidsprogram. Vedteke på årsmøtet i 2004.

Bakgrunn og historie

Noregs Ungdomslag som bunadsorganisasjon
Noregs Ungdomslag har ei rik og lang historie som ein organisasjon som er oppteken av bunad. Heilt sidan Hulda Garborg reiste rundt i landet og inspirerte til bunadsarbeid har bunaden vori ein del av arbeidet til norskdomsrørsla og andre organisasjonar. Med Klara Semb kom bunad inn som ei sentral arbeidsoppgåve for Noregs Ungdomslag. Lag og medlemer har lagt grunnen for mange av bunadene som er i bruk i Noreg i dag, og i praktisk bruk er det ingen som brukar bunaden meir enn medlemene i ungdomslaga. Noregs Ungdomslag skal vere ein interessant organisasjon for både bunadstilverkarar og bunadsbrukarar.

Utviklinga av bunaden
På andre halvdel av 1800-talet byrja ein over heile landet å bruke hardangerdrakta som festplagg, og drakta vart kalla ”nationalen”. Hulda Garborg var den fyrste som nytta ordet ”bunad” om den folkelege draktskikken, og ho fremja bruken aktivt. Det kom snøgt ynske om å få regionale og lokale drakter som hadde same funksjonen. Somme stader fanst det ein levande folkedrakttradisjon som kunne dokumenterast attover i tid, somme stader fann ein bilete av gamal draktskikk som ikkje var i bruk lenger og andre stader fann ein andre førebilete. Slik fekk ein ulike grunnlag for bunadene: levande folkedrakttradisjon, rekonstruert folkedrakttradisjon og drakter med grunnlag i einskildplagg eller andre mønster. Alle desse blir i dag kalla bunad.

Heilt sidan starten har altså ideen for bunadsarbeidet vore å finne fram til gamle klestradisjonar og skikkar, og la dette vere inspirasjon for samtidige bunader. Draktforskinga har stadig utvikla seg framover. I 1947 fekk vi Landsnemnda for bunadsspørsmål, som seinare er omorganisert to gonger, og no er Bunad og folkedraktrådet. NU har støtta desse forskingsorgana heilt frå starten og fram til i dag. Frå 1980-talet hadde forskinga kome så langt at ein kan tale om rekonstruksjon av gamle drakter.

Det er parallelt med denne forskingsutviklinga laga ymse drakter som ikkje er baserte på lokal eller regional drakttradisjon. Dei kan nytte teknikkar og snitt frå bunadtradisjonen, men er produkt av fantasien til den aktuelle formgjevaren. Etter kvart som bruken av desse draktene har auka vil mange oppfatte desse som bunader. Det er dei ikkje.

Bunaden - eit identitetsmerke
Etter at Noreg vart sjølvstendig vart det snøgt ynske om regionale drakter som kunne syne at ein var trønder, nordlending eller egde. Folkehøgskulane var viktige i dette arbeidet. Elevane kom oftast frå bygdene rundt skulen, slik at dei hadde sams interesse i å skape seg ein bunad for sitt distrikt. Bunadrørsla kan sjåast som eit godt prov på at norskdomsrørsla kan hende ikkje var så einsrettande som nasjonale rørsler i andre land. Ein har ”bunad” som eit omgrep, men dette omgrepet dekkjer ein enorm variasjon i snitt og fargar. Etter kvart er bunadene vortne sterke identitetsmerke, og kan vekkje sterke kjensler om noko blir oppfatta som feil. Sterke kjensler kan det også vekke om nokon lagar ein annan bunad t.d. ved å rekonstruere ei folkedrakt for det same distriktet. Ynsket om det historisk korrekte kan altså koma i vegen for eldre bunader i distriktet som identitetsbyggjar. Sjølv om ein bunad som vart laga på 1920-talet kan hende ikkje var beinveges kopi av gamal drakttradisjon, har det faktum at han har vori brukt i 80 år gjort at han kan sjåast som det plagget som har vori lengst i bruk i distriktet, og dermed svært tradisjonsrikt. 

Bunadsproduksjon
Den økonomiske utviklinga i samfunnet har gjort at det er særs vanskeleg å forsvara handverk mot maskinproduksjon reint prismessig. Den økonomiske globaliseringa har òg gjort at somme bunadstilverkarar får gjort handsaumen i u-land som Ghana, Vietnam eller Kina. I Noregs Ungdomslag sin tradisjon er sjølve produksjonen ein del av opplevinga av å få seg ein bunad. Mange lærer å sy somme av delane eller heile bunaden sjølve. Dette gjer at bunaden ikkje berre er eit vanleg plagg, men eit kulturprodukt der beraren er med i prosessen. Noregs Ungdomslag byggjer på medverknad og sjølvkjensle, og vi meiner det er ein viktig del av bunadsarbeidet vårt at vi stimulerer bunadsbrukarane til å gjera så mykje som mogleg sjølve. Dette aukar kjensla for plagget og vyrdnaden for dei som står før ein i tradisjonen. Dersom folk får kunnskap om korleis bunaden er og har vori får ein òg eit betre grunnlag for utvikling av bunadstradisjonen i framtida.