Korleis vart eigentleg bunaden ei folkerørsle og allemannseige?

8. mai 2020 var det 75 år sidan frigjeringa av Noreg. I tida etter 2. verdskrigen vart bunaden både eit viktig symbol og festplagg, og no er vi er blitt vand til å sjå eit folkehav av bunader kvar 17. mai. Men slik har det altså ikkje alltid vore. Korleis vart eigentleg bunaden ei folkerørsle og allemannseige?

Dette kåseriet med Mette Vårdal er ei annleis bunadhistorie som tek oss med på oppturar og nedturar, frå ein sped start til eit hylla festplagg. Historia tek oss tilbake til den franske revolusjonen og 1814, og fram til no. Og kva vil det seie at 17. mai feiringa i 2020 blir ulik dei andre åra vi hugsar, vil det ha innverknad på bunaden seinare?