Folkedansen i NU

Hulda Garborg var også opphavet til ei av dei sterkaste uttrykksformene i ungdomslaga og NU: folkedansen. Dansen lanserte ho første gongen på ein marknad i regi av Bondeungdomslaget i Oslo i mars 1902, og interessa var så god at ho same året drog til Færøyane for å lære om folkevisedansen der. Seinare samarbeidde ho mykje med Klara Semb (1884–1970) om utviklinga av ein eigen norsk folkedansetradisjon. Også Semb vitja Færøyane. Ho gav ut fleire rettleiingsbøker for dansen og reiste mykje rundt og dreiv opplæring.

Før songdansen kom, var runddans (gammaldans) vanleg i ungdomslaga. Etter press frå folkeviseleikarane innførte NU i 1917 forbod mot runddans på lagsmøta i organisasjonen. Ein del av bakgrunnen for dette låg nok i at runddansen var knytt til dansefestar med alkoholbruk og fyll. Folkedansen hadde ikkje slike hefte hengande ved seg.

Satsinga på folkedansen følgdest åt av ei satsing på folkedrakter – bunader. Slike klede kom meir og meir i bruk som festdrakter frå hundreårsskiftet og utetter. Også på dette området var Hulda Garborg og Klara Semb pionerar. Førstnemnde forma ut ein bunadstype som vart svært populær over heile landet, og som i dag berre går under namnet «Hulda Garborg-drakt».

Hovudpoenget for Garborg var ikkje å ta vare på dei gamle kledetradisjonane. Ho la derimot stor vekt på å komponere plagg som passa inn i tida. Klara Semb hadde ei heilt anna haldning til dette – ho arbeidde for å få inn meir tradisjonelle kjenneteikn og fjerna mykje av dei moderniserte mønstra.