Folkedans i NU

Pionertida

1902 kan seiast å vere starten på historia om folkedans i NU, og dermed den organiserte folkedansen i Noreg. Hulda Garborg (fødd 1862), var ein leiande person i kulturdebatten på den tida. Ho fann grobotn i NU for tankane sine om nasjonsbygging gjennom bruk av norsk kulturtradisjon, og valde derfor dette forumet for arbeidet sitt innan både teater og dans. Med inspirasjon frå Færøydansen skapte Hulda ein norsk songdans som fekk sitt store gjennombrot på marknaden til Bondeungdomslaget (BUL) Oslo den 7. mars 1902.

Før songdansen kom, hadde ungdomslaga vanskar med å finne høveleg moro på møta sine. Den vanlege dansefesten der det blei dansa runddans, og på sine stader bygdedans, var problematisk i forhold til alkoholsaka. Folkeviseleiken (songdansen) var ei kjærkomen erstatning for mange lag som før hadde brukt marsj og songleikar, gjerne med banale eller svenskprega tekstar. Ungdomslaga la aldri skjul på at songdansen var nyskapt. No ville ideologane i laget kaste ut den såkalla runddansen. Bygdedansen såg ut til å bli tolerert og oppmuntra frå sentralt hald, om ein berre fekk bukt med drikkekulturen. Den meir moderne 1900-talsdansen som til dømes foxtrot, tango og onestep blei sett på som utanlandsk og ikkje akseptert.

Etter kvart var det Klara Semb som vidareførte Hulda Garborg sitt danseprosjekt. På dei mange reisene sine rundt om i landet lærte ho bort, teikna ned dansar, utvikla terminologi og laga dansemåtar til endå fleire viser. Turdansen (musikkdans) blei nå ein del av folkedansrepertoaret. Fleire leikleiarar og reiseinstruktørar var aktive i denne tida.

Hulda Garborg og Klara Semb var dei første til å skrive rettleiingsbøker i folkedans, og Noregs Ungdomslag har seinare gjort eit stort arbeid med å revidere bøkene (Norske folkedansar - turdans og Norske folkedansar – songdans)

Noregs Ungdomslag vedtok tidleg på tjuetalet eit forbod mot å danse runddans på lagsmøta i organisasjonen. Dette skapte stor strid. NU brukte store ressursar for å lære dei unge folkeviseleik og for å få ned alkoholbruken. Forbodet mot runddans blei oppheva i 1957.

På tjue- og trettitalet gjekk alt framover i ungdomslaga, på alle frontar. Dansen utvikla seg og instruktørane fekk meir kunnskap og erfaring. Det blei arrangert store stemne på fylkes-, nasjonalt og nordisk nivå. Dei største med 12 000 tilskodarar og 1000 dansarar. Instruktørkursa gjekk i perioden over to og tre veker på sommaren.

Dei første åra under andre verdskrig reiste Klara Semb framleis, og ho blei etter kvart eit samlingsmerke i motstandskampen. Då nazistane tok over, satsa dei hardt på å vise at dei hadde støtte i laga. Forbodet mot runddans blei handhevd mykje kraftigare enn nokon gong, medan songdansen framleis var lovleg. Songdansen, og særleg tekstane med nasjonalt bodskap, blei derfor eit viktig uttrykk for motstand i denne tida. “Vardevakt” blei dansa som avslutning på alle landsstemna etter krigen.
 

Tida etter krigen
I tida etter krigen føregjekk ei omfattande omorganisering i NU, og det blei bygd opp ein sterk fagleg organisasjon på alle plan. Store faglege debattar gjekk etter tur i perioden fram mot åttitalet. Klara Semb innførte attersteget i si nye bok, noko som var ein enklare variant av Hulda Garborg sitt steg. Stor var også debatten kring forbodet mot runddans, men aller størst var nok diskusjonen kring 1900-talsdansen sin innpass i repertoaret hos leikarringane.

I 1950- og 60 åra deltok NU med store produksjonar og mange delaktige, samt som arrangør og organisering, både på nordiske og internasjonale stemne. Etterkrigstida var ei ny glanstid for folkedansen i NU, noko ventelister for å ta instruktøropplæringa og vekeslange repetisjonskurs syner. Men trass i dette begynte medlemstalet å gå nedover. Folkeflyttinga til byane får mykje av skulda. Resultatet av endringa i samfunnet var at laget på bygda mista medlemmer, og bylaga fekk fleire medlemmer og sterkare fagleg miljø enn nokon gong. Leikstyret i NU blei i denne perioden omgjort til Leikråd.

Tid for nytenking og nytt materiale 
Som reaksjon på dalande interesse og medlemstal, blei ulike tiltak sett i gong. I 1967 blei det for første gong tilsett reiseinstruktør på landsplan i NU. Gunnar Rødal reiste Noreg på kryss og tvers for å halde folkedanskurs for barn og vaksne, på skular og i lokallag. Gunnar var tilsett i NU i to periodar 1963 - 1967 og 1971 – 2001, og blei i 2009 tildelt Kongens fortenestemedalje for innsatsen.

På 1960-talet starta NU for første gong opp arbeid med berre ei definert målgruppe, nemleg barn. Landsstemne og fylkesstemne for barn var populære tiltak og viktige møtestader.

På 1970-talet blei det igjen stor interesse i samfunnet for “alt som var norsk”. Medlemstalet i NU begynte å stige att og folkedans og folkemusikk blei ein populær aktivitet. Mange unge fekk interessa for folkemusikk og folkedans som student eller på folkehøgskole. I denne perioden var det heile seks rådgjevarar og instruktørar i folkedans tilsett i NU, i tillegg til fleire tilsette som reiseinstruktørar i fylkeslag rundt om i landet.   

I boka “Danse danse lett” (1970) lanserte folkedansforskaren, Egil Bakka, eit nytt og revolusjonerande system for å skildre dansesteg. Nytenkinga skulle seinare mellom anna påverke den reviderte utgåva av Klara Semb sine rettleiingsbøker.

I 1972 blei Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff) etablert som eit bindeledd mellom alle som arbeidde med folkemusikk og folkedans. Eit år seinare fekk rådet sitt eige sekretariat, og er i dag ein sjølvstendig institusjon. Professor i folkedans, Egil Bakka, og professor i folkemusikk, Bjørn Aksdal, har hatt særleg stor påverknad heilt frå starten.

Fokus på lokal tradisjon og forsking
På 1980-talet blei den faglege tynga på kontoret og i leikrådet (nå folkedansrådet) styrka. Nye studietilbod ved Rff-sentret hadde mellom anna ført til at formell kunnskap kunne krevjast. Dette førte til fleire fagpolitiske diskusjonar og mange store prosjekt. Her kan ein til dømes nemne revidering av instruktøropplæringa, arbeid for å få folkedans inn i grunnskulen, dokumentering og fagleg arbeid med sving-tradisjonen, samt utgjeving av ei rekke bøker, hefter og innspelt musikk.

Lokal forankring og tradisjon fekk meir og meir fokus og ein begynte dermed å diskutere omgrep som folkeleg dansestil og tradisjon. Interessa for danseforsking auka og det blei arrangert fagseminar og publisert artiklar og rapportar, samt gjort eit stort dokumentasjonsarbeid av lokale variantar av songleik, turdans, bygdedans, runddans og sving. Songdansen er i større grad enn turdansen konstruert av Hulda Garborg og Klara Semb, men også denne danseforma utvikla seg mykje i denne perioden. For i større grad å vise heilskapen i danseformene, vedtok NU å ta utgangspunkt i tradisjonelle danseformer som grunnlag for songdanssteg og metodikk. Etter dette blei det gitt ut fleire hefter med dansemåtar til lokale viser. I 1985 var det store arbeidet med å revidere songdansboka og turdansboka (Klara Semb) ferdig. Den nye utgåva skapte diskusjon då nye forskingsresultat og prinsipp påverka både repertoar, musikk og dansemåte.

Ulike tevlingar blei oppretta for å inspirere og engasjere grupper og enkeltpersonar til fagleg kvalitetsarbeid og til å delta på Landsstemne; Feleknappen (1968), Framsyningskappleiken (1987) og Spelmerket (1995) var populære tiltak som skulle motivere, inspirere og fremje kvalitet og nyskaping.

Brytningstid 
1990-talet var prega av økonomisk krise, nedgang i medlemstal og dramatiske kutt i årsverk på NU-kontoret, men også av stor feiring av 100-årsjubileum, samt lobbyverksemd som førte til at folkedansarbeidet i NU fekk eigen post på Statsbudsjettet.

På NU-kontoret måtte ein omorganisere, og fagleg kompetanse på folkedans og -musikk blei nedprioritert i ein lang periode. Med stor innsats frå tillitsvalde og eldsjeler klarte ein likevel å arrangere store folkedansarrangement, som til dømes Barnlek på Gjøvik i 1995 og Nordleik i Stavanger i 2000. Etter kvart klarte ein også å få direkte tilskot til folkedansarbeidet over Statsbudsjettet, tilsetje ein kulturkonsulent med fagleg kompetanse i folkedans, samt fullføre arbeidet med det lenge etterlengta undervisningsopplegget Danselyst.

Dei økonomiske utfordringane i NU og trenden i samtida førte til at ein måtte prioritere annleis. Det blei viktigare enn nokon gong å rekruttere deltakarar utanfrå. Landsstemne blei til dømes omgjort til Folkekulturfestival, Sommarkursa hadde få deltakarar i mange år og blei i 2009 lagt ned, og det internasjonale arbeidet fekk mindre fokus. Instruktøropplæringa i folkedans blei grundig evaluert og revidert fleire gonger i perioden. Mens ein på 80-talet hadde stort fokus på aktivitet for barn, var det nå fylkeslaga og lokallaga som skipa møtestader for denne aldersgruppa. Ut over 2000-talet blei også desse møtestadane færre. Ungdom blei definert som hovudmålgruppe for arbeidet og ein støtta dei fylkesvise Ungdomsringane rundt om i landet, samt skipa til samling for ungdom i framkant av Folkekulturfestivalen. Samlinga blei kalla for Noregs Ungdomsring (NUR). I 2010 blei Folkekulturfestivalen erstatta med nyvinninga Folkedansfestivalen og NUR endra namn til Sommarleiren i NU.  

Den fagpolitiske plattforma for NU finn du her!

Kjelder:
Aksdal, Bjørn og Sven Nyhus: Fanitullen (1993)
Semb, Klara: Norske Folkedansar - Songdansar (1985)
Semb, Klara: Norske Folkedansar - Turdansar (1991)
Bakka, Seland, Vårdal: Grunnbok i folkedans (1986)
Kløvstad, Jan (red.)“Ungdomslaget,”
Årsmeldingar for NU (1980 – 2009)