CIOFF: International Council of Organizations of Folklore Festivals and Folk Art

Har du og dansegruppa di lyst til å utveksle kultur og tradisjon med grupper frå utlandet? Eller kanskje reise på festival? Gjennom CIOFF kan vi skaffe deg kontaktinfo til festivalar og dansegrupper verda over! 

 Kva er ein CIOFF-festival?

At ein festival er tilknytta CIOFF-nettverket vil seie at festivalen, på visse premisser, tar imot folkedansgrupper som kan syne fram tradisjonelle folkloreframsyningar frå sine land. I nettverket finnes 380 festivalar over heile verda!  

Dansegruppa må sjølv betale
- reiseutgifter tur/retur til grensa i det landet festivalen blir arrangert.

 Ta kontakt med NU-kontoret om dette er aktuellt.