ÅLEK 2019

Eit mindre stemne på Åland

16.-21.juli 2019 arrangerast ÅLEK, eit mindre stemne i Mariehamn på Åland. Det er berre 50 personar frå kvart land som får reise, så dette er eit eksklusivt stemne. 

Gruppene som reiser treng å ha med seg musikarar og instruktørar som kan ta ansvar for framsyningar og workshops under stemnet.

Til ÅLEK blir det valgt ut fire Ålandske dansar som skal vera stemnet sine samdansar. Desse blir tilgjengelige her så fort dei er klare og det forventast at laga som deltek på stemnet har øvd på desse dansane i forkant.

 

I tillegg til stemnet arrangerast det ein nordisk sommarleir 14.-16.juli. Meir informasjon om dette kjem.

 

Fristar:

1.desember 2018: Interessemelding for laga går direkte til sin organisasjon (NU)

Mars/april 2019: Påmelding til stemnet stenger

 

Er du eller ditt lag interessert i å reise på ÅLEK-stemnet eller den nordiske sommarleiren? Ta kontakt på solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no før desember 2018.

Les meir om ÅLEK her.