BARNLEK 2020

Stemne for born i Sverige

15.-19.juli 2020 blir det BARNLEK i Mölnlycke i Sverige. Stemnet er for born i alderen 8-16 år.

Mölnlycke ligg ca. 20 min frå Gøteborg, og det er enkelt å kome seg til Gøteborg med t.d. tog frå Oslo som tek ca. 4 timar. 

 

Samdansar til BARNLEK 2020

Det blir valgt ut ein samdans frå kvart land som ein kan øve på i forkant av stemnet. Dansane blir offentliggjort her etter kvart.

  • Noreg: Halling (Lær deg triks og turar frå Folkepedia)
  • Sverige
  • Danmark
  • Finland
  • Suomi
  • Island
  • Færøyene

 

Her finn du meir informasjon om BARNLEK.

Du kan også følge BARNLEK på Instagram. Følg profilen @barnlek2020.

 

Oppvarming til BARNLEK?

Synes du det er litt lenge å vente heilt til 2020 med å reise på barnestemne? Då kan kanskje SMÅLEIK vera eit godt stemne å reise på i mellomtida.

SMÅLEIK er eit heilt nytt nasjonalt barnestemne som arrangerast i Oslo 21.-23.juni 2019. Stemnet er ein del av Leikarringen i BUL Oslo sitt 100 årsjubileum kalla Hundreleik. Les meir om dette her: www.hundreleik.no.

 

SMÅLEIK vert arrangert av Leikarringen i BUL Oslo, Barnelaget i Oslo, Unge folkemusikere i Oslo (UFO) og Noregs Ungdomslag. Medarrangørar er Norsk Folkemuseum, Samarbeidsorganet for folkedans og folkemusikk i Akershus (Saffa), og Akershus musikkråd. Småleik er støtta av Landsrådet for norske barne- og ungdomsorgansjonar (LNU). Andre samarbeidspartnarar er Riksscenen, FolkOrg og Bygdelagssamskipnaden.

Har du spørsmål kan du rette dei til prosjektleiar Michael Brenna på micbrenna@remove-this.gmail.remove-this.com, eller til styreleiar Torbjørn B. Lauen på torbjorn@remove-this.ungdomslag.remove-this.no.