Nordlek 2018

Påmeldinga har opna

No kan du melde deg og resten av laget på det nordiske folkemusikk- og folkedansstemnet i Falun 10.–15. juli. Påmeldingsside er tilgjengeleg under anmälan på heimesida til arrangøren, og informasjon om overnatting, mat, samdansar/-låtar og program er òg å finne på denne sida.

Påmeldingsfrist er sett til 15. april, men det er mogleg å melde seg på etter dette mot ei høgare avgift. Hugs at du kan vere med på stemnet både som dansar og som musikar. 

Fylg med på http://www.nordlek2018.se for meir informasjon, påmelding og betaling. 

Betaling
MERK! Det er no blitt mogleg å betale med IBAN og SWIFT. Påmeldinga skjer seperat og du må merke innbetalinga med bookingnr.

IBAN: SE78 8000 0810 3494 4924 9185

SWIFT/BIC: SWEDSESS

Her kan du og lese litt meir informasjon om Nordlek 2018.

Det norske samdansprogrammet på Nordlek i Falun 2018

Dette er dei norske samdansane, i rekkefølge slik dei skal dansast i Falun:

1. 1.    Niaren frå Senja, Troms
Beskrivinga og notar finn du i boka ”Norske folkedansar – Turdansar” s. 298. 
Musikken er på CD-en  ”Norske Turdansar 2 - Frå Agder og Nord-Norge”.
Merknad: Dansast som ein hamborgar, men det er også muleg å vere med for dei som heller vil danse den som galopp. Då kjem me til å lage to ringer, ein med hamborgar og ein med galopp, men alle skal få vere med.

1. 2.    Stjernetur frå Hobøl, Østlandet
Beskrivinga og notar finn du i boka ”Norske folkedansar – Turdansar” s. 284.
Musikken er på CD-en ”Norske Turdansar – Turdansar frå Austlandet”.
Merknad: Beskrivinga seier at dansen dansast med 8 par, men me vel å dansa den med 4 par. Då tek dansen kortare tid.

1. 3.    Totur frå Holt, Aust-Agder
Beskrivinga og notar finn du i boka ”Norske folkedansar – Turdansar” s. 164.
Musikken er på CD-en ”Norske Turdansar 2 - Frå Agder og Nord-Norge”.
Merknad: Tur 4 ”klapp og dans i ring (med og mot sola)” - Gjer merksam på at klappet kjem på 2. slaget i takten, altså når ein set krossesteget bak den fyrste foten. Dette har det vore ulike oppfatningar om, men me gjer det slik.

1. 4.    Springar frå Nordre Sunnmøre
Dansen finn du sjølvsagt på Folkepedia! 
Sjå og lær dansen av dansarar frå Hellesylt og Sykkylven her: www.folkepedia.no/springar-fr-nordre-sunnmre/
Musikken kan du også finne på Spotify eller Tidal på plata "Syngjaren", der også låta som vert brukt i filmen heiter "Syngjaren".

Her kan du laste ned ein PDF med samdansprogrammet

Musikk til samdansar Nordlek 201

Lydfilenen finn du ved å trykke på DENNE lenka (dropbox)