Nordring 2019 i Oslo     

Eksklusiv kulturutveksling for 6 norske ungdom

Nordring arrangerast i Oslo påskehelga 18.-22.april 2019.

Nordring er eit inspirasjonskurs og kulturutveksling for ungdom i alderen 18-25 år. Samlinga arrangerast påskehelga året etter NORDLEK-stemnet, og rullerer mellom dei nordiske landa. 
Samlinga er for 6 ungdom, 2 musikarar og 4 dansarar, frå kvart land og sjølvstyrte område. Ungdomane formidler og lærer bort sin eigen musikk- og dansetradisjon til kvarandre i tillegg til å lære om organisasjonen Nordlek og alle landa sine eigne organisasjonar. I løpet av samlinga blir det også utveksla påsketradisjonar. 

 

Stad:

Samlinga blir avholdt på Studenterhytta i Nordmarka i Oslo. Deltakarane samlast torsdag 18.april på Oslo Sentralstasjon kl. 15:00. Vidare organiserast det felles busstransport til Sørkedalen. Herifrå blir bagasjen køyrd heilt fram til Studenterhytta, medna alle deltakarane går 5 km på grusveg. Turen tek ca. 1 time og 15 min. Heimreise organiserast på same vis etter frukost måndag 22.april ved å gå frå hytta til Sørkedalen og buss vidare til Oslo Sentralstasjon. Forventa ankomst til Oslo S er kl. 14:00. Frå Sentralstasjonen må alle kome seg heim sjølv.

Pris: 

Samlinga kostar 2000 NOK per pers. Dette inkluderer kost og losji. Alle deltakarane må sjølv bestille og betale for transport t/r Oslo Sentralstasjon.

 

Søknadsskjema

Alle norske som er interessert i å delta på Nordring må fyrst sende inn ein søknad til NU. Frist for å søke er 15.januar 2019. Kort tid etter søknadsfristen vil ein få svar frå NU om ein får vere med på samlinga.
Trykk her for å kome til søknadsskjemaet (kun for norske)

 

Påmelding

OBS: Påmelding er kun tilgjengelig dersom du har fått innvilga plass frå organisasjonen din. Ta kontakt med din eigen organisasjon dersom du er usikker på om du har fått plass på Nordring 2019.

Trykk her for å melde deg på som deltakar til Nordring 2019

 

 

 
Kontaktperson:
Solveig Brekke Hauknes (Noregs Ungdomslag)
E-post: solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no
Telefon: +47 24 14 11 15

 

 

Nordring 2019 er støtta av: Rådet for folkemusikk og folkedans (RFF).