Nordlek

Noregs Ungdomslag er med i det nordiske samarbeidet Nordlek, som ein av 23 nordiske organisasjonar. 

Nordlek-samarbeidet femnar om dei store Nordlek-stemnene som vert skipa til kvart tredje år, Barnlek- stemner for barn og unge kvart tredje år, ungdomstreffet Nordring, mindre folkedansstemner som Isleik og Havleikur, i tillegg til kurs og utveksling mellom folkedans- og musikkgrupper.

Formål og målsetting:

For at den traditionelle folkekultur skal få sin rette plads i det voksende nordiske kultursamarbejde, og for at samarbejdet indenfor folkedans- og folkemusikvirksomheden skal få fastere former, har Nordleks aftaleparter godkendt en aftale med følgende målsætning:

Aftalens målsætning er med forenede kræfter at fremme den traditionelle folkekultur i Norden indenfor dans, musik, dragter, håndværk og skik og brug indenfor disse områder, at overføre folketrationer til kommende generationer, med forpligtende fælles virksomhed at undgå dobbeltarbejde og få nye idéer, gennem personligt kontakter at forstrærke venskabet mellem de nordiske folk, og skabe et forum for den nordiske folkekultur, først og fremmest gennem stævner og mødet mellem aftaleparterne.
(www.nordlek.org)

Les meir på Nordlek -organisasjon på deira eiga heimeside.

Noreg har ein eigen komite som gjer mykje av arbeidet i forhold til Nordlek-samarbeidet. I denne sit:
Torunn Hernes Bjerkem (styret i Nordlek)
Nina Byttingsmyr (folkemusikkutskottet i Nordlek)
Astri Andrea Bjerkem (Barne- og ungdomsutskottet i Nordlek)
Torbjørn Bergwitz Lauen (Folkedans- og kulturutskottet i Nordlek)

Stemner i Nordlek framover:

2020          BARNLEK 15.-19. juli, Mölnlycke, Sverige (Heimeside) - OBS dette stemnet er utsett til 2023 grunna COVID-19.

2021          NORDLEK 20.-25. juli, Tammerfors, Finland med nordisk sommarleir 17.-20. juli

2022          HAVLEK 12.-16. juli, Færøyane (Eit mindre stemne)

2023          Nordring påskehelga i Danmark (utveksling for ungdom 18-25 år) / BARNLEK 12.-16. juli, Mölnlycke i Sverige

2024          NORDLEK, Noreg - Kanskje du eller ditt lag vil vere arrangør? Kontakt NU-kontoret!

2025          

2026          BARNLEK, Noreg

2027          NORDLEK, Danmark 

Denne rekkefølga blei vedtatt på Nordlek sitt rådsmøte 4. juni 2011. Vi legg ut meir informasjon her etterkvart som vi får dette frå arrangør og Nordlek.

 

Møter i Nordlek framover:

21.-23. mai 2020 - Digitale utksottsmøter og møter med arrangøren av NORDLEK 2021

1.-3. oktober 2020 - Rådsmøte og utskottsmøter i Tammerfors og møte med arrangøren av NORDLEK 2021

18.-20. juli 2021- Utskottsmøter i samband med NORDLEK 2021

Haust 2021 - Møte med BARNLEK-arrangør i Sverige (?)

Haust 2022 - Utskottsmøter og styremøte

Mai 2023 - Utskottsmøter, rådsmøte og møte med arrangør av NORDLEK 2024 i Noreg