BARNLEK 2020 er utsett til 2023

Ny info 21. april 2020: 

BARNLEK 2020 er utsett til 2023! Vi kjem tilbake med meir informasjon om det nye stemne så kjapt vi veit meir.
 

----

 

 


Nordens største folkedans- og folkemusikkstemne for born og ungdom 

15.-19. juli 2020 blir det BARNLEK i Mölnlycke i Sverige. Stemnet er for born og ungdom i alderen 8-16 år. Det er mogleg å vera med for dei som er eldre også, men hovudmålgruppa er 8-16 år. På BARNLEK er det verkstader i folkedans og folkemusikk i tillegg til mange andre aktivitetar for målgruppa. Det er også mykje sosial dans og spel på kveldane. 

 

OBS: FORLENGA PÅMELDINGSTID og oppdatering kring COVID-19

BARNLEK har utvida påmeldingsfristen til å gjelde fram til midnatt 30. april der grupper og enkeltpersonar kan melde seg på til ordinær pris. Tidligare var det sagt at det kom ei tilleggsavgift på 500 SEK dersom ein meldte seg på i april, men den er no fjerna. 

MELD DEG PÅ HER (trykk for å kome til påmeldingssida, påmelding finn du nedst på sida du kjem inn på)! Ordinær frist var 15. mars 2020, men den er altså utvida til 30. april.

Me anbefaler alle å lese gjennom informasjonen på påmeldingssida før du melder deg på slik at du ikkje går glipp av viktig informasjon!

 

Regler for avmelding av BARNLEK ved tilfelle av t.d. koronoaepidemi:

§1 Om folkhälsomyndigheten i egna landet och/eller i Sverige avråder från besök i Sverige och/eller avråder från arrangemang med större folksamling i Sverige sker återbetalning enligt §2.

§2 Om anmäld deltagare är förhindrad att komma till BARNLEK 2020 enligt §1, betalar BARNLEK 2020 tillbaka deltagaravgiften bortsett från en administrativ avgift inklusive fasta utgifter på max 500 SEK.

§3 Återbetalning görs baserat på den rekommendation om avrådan i §1 som gäller för stämmoperioden (200713-19) en vecka före invigningen (200708 klockan 14:00).

 

Noregs Ungdomslag vil i slutten av april kome med anbefalingar til alle dei norske deltakarane om situasjonen kring koronaviruset og tankar om det å ev. melde seg av BARNLEK innan utgangen av april.

 

Kven kan vere med? 

BARNLEK er i all hovudsak eit stemne ein får delta på som medlemslag i Noregs Ungdomslag (NU), men det er også moglegheit for å delta som lag som ikkje er medlem i NU. Då kjem det ein ekstra kostnad på påmeldingsavgifta på ca. 500 SEK. Det kan difor løne seg å melde seg inn som medlem i NU i staden for å betale ekstra avgift til BARNLEK-arrangøren. Les meir om kontingent til NU her: http://www.ungdomslag.no/lagsteneste/medlems-og-lagskontingent/ og ta kontakt direkte på post@remove-this.ungdomslag.remove-this.no dersom du vil melde deg inn som medlem i NU.  

På nokre stemne har det vore avgrensing i tal deltakarar, men på BARNLEK 2020 tek dei i mot alle som ynskjer å vera med. 

 

Påmelding 

Påmeldinga er no open. Siste frist for påmelding er 15. mars 2020. Ein melder seg på som gruppe når ein deltek på BARNLEK. Alle grupper må ha ein gruppeleiar.  

Påmeldinga skjer på denne måten: 

  1. Gruppeleiaren melder på gruppa 
  2. Gruppeleiaren mottek ei lenke/referanse på e-post etter fullført påmelding av gruppa 

  3. Denne lenka sender gruppeleiaren til alle personane som skal delta i den aktuelle gruppa 

  4. Alle enkeltpersonar/foreldre melder på sin deltakar gjennom å bruke den tilsendte lenka/referansen ein har motteke frå sin gruppeleiar 

Her kan du lese meir om påmelding: https://barnlek2020.se/anmaelan.  

 

Pris og betaling 

Noregs Ungdomslag vert fakturert samla for alle dei norske laga som melder seg på. NU får faktura i løpet av mai månad. Etter dette sender NU faktura til alle laga for deira kostnad i starten av juni månad. Det blir vidare opp til kvart enkelt lag å sende ut faktura til kvar enkeltperson og å vurdere om ein skal dekke deler av kostnadane eller ikkje.  

Sidan all betaling til arrangøren vert gjort i svenske kroner kan vi ikkje seie med nøyaktigheit kva den endelege prisen vert før me betalar fakturaen til arrangøren i mai. I november 2019 er 1 SEK = 0,95 NOK, men dette kan endre seg til mai. Laga vil bli fakturert med norske kroner med den kursen som gjeld den datoen NU betaler fakturaen til arrangøren i mai. 

Stemneavgifta er på 2000 SEK. I dagens kurs tilsvarer dette 1905 NOK, men dette kan endra seg til mai. Det vil vera kursen som gjeld i mai som laga vert fakturert for. Dersom du ikkje er medlem i NU kjem det ein ekstra kostnad på 500 SEK. Inkludert i stemneavgifta er inngang på heile stemnet, overnatting på skule onsdag-sundag og mat onsdag frå lunsj til frukost på sundag. 

 

Meld deg som frivillig 

BARNLEK har behov for mange frivillige, kanskje du vil bidra? Då kan du melde deg via dette skjema: https://barnlek2020.se/anmaelan/funktionarsanmalan.  

 

Reise 

Mölnlycke ligg ca. 20 min frå Gøteborg, og det er enkelt å kome seg til Gøteborg med t.d. tog frå Oslo som tek ca. 4 timar.  

Det kan også hende det vil løne seg å gå saman om å leige buss, særleg for lag på austlandsområdet. Send gjerne ei melding til NU-kontoret dersom det er interesse for å ordne felles busstransport. 

  

Overnatting 

Overnatting skjer på klasserom på skular i Mölnlycke. Alle tek med seg eige madrass, dyne og pute eller sovepose.  

Det er mogleg å overnatte allereie frå måndag 13. Juli, dette kan ein bestille ekstra i påmeldinga. Då betalar ein 100 SEK ekstra per person per natt fram til onsdag. 

 

Mat 

Mat er inkludert i stemneavgifta frå lunsj onsdag til frukost sundag. Dersom ein ynskjer ytterligare måltid enn dette kan ein bestille det i påmeldinga. Det kostar då 40 SEK for frukost, 55 SEK for lunsj og 55 SEK for middag.

PS: BARNLEK er fritt for nøtter, mandel og soja av hensyns til allergikarar. Dette gjeld også på skulane. Sjå til at du ikkje tek med godis og snacks som inneheld nøtter. 

 

Program

Norsk samdansprogram BARNLEK 2020:

  1. Seksmannsril (dansast to gonger) - Lær dansen på Folkepedia (trykk her)
  2. Sorte ormen (dansast tre gonger) - Lær dansen på Folkepedia (trykk her)
  3. Halling - Lær deg element frå dansen på Folkepedia (trykk her)
  4. Klappdans (dansast to gonger) - Trykk her for å laste ned dansebeskriving, eller slå opp i den raude boka "Norske folkedansar: Turdansar".

 

Nordiske samdansar til BARNLEK 2020:

Det blir valgt ut ein samdans frå kvart land som ein kan øve på i forkant av stemnet. Dansane finn du ved å trykke her.

I tillegg kan du læra deg alle fødselsdagssongane frå dei nordiske landa ved å trykke her. BARNLEKs tema er "kalas". 

 

Her finn du meir informasjon om BARNLEK.

Du kan også følge BARNLEK på Instagram (@barnlek2020) og Facebook (Barnlek 2020).