NORDLEK 2021

Nordens største folkedansstemne

Kvart tredje år vert stemnet NORDLEK skipa i eit av dei nordiske landa. I 2021 vert stemnet skipa i Finland i Tammerfors. Dato for stemnet er 20.-25. juli.

Det finnest ikkje så mykje informasjon om stemnet endå, men så snart det vert klart kjem det info på denne sida.

Les meir på heimesida til arrangøren (trykk her).

 

Balldansar

Materiale til balldansane til stemnet ligg på Nordlek si heimesida bak eit passord grunna rettigheiter. Dersom du har behov for å ha denne tilgangen tek du kontakt med NU-kontoret. Trykk her for å kome til den passordbeskytta sida til Nordlek.

 

Norsk samdans - Totur frå Holt

Den norske samdansen er Totur frå Holt. Det er lurt om alle dei norske deltakarane har øvd på dansen i forkant av stemnet slik at me er mange som kan dansen. Dansen vert også brukt på fleire av kursa på sjølve stemnet og under dei nasjonale oppvisningane.

Trykk her for å laste ned note og dansebeskriving til Totur frå Holt. Eller sjå side 164-167 i boka "Norske Folkedansar: Turdansar". Boka ligg ope tilgjengelig hjå Nasjonalbiblioteket og er å få kjøpt hjå NU-kontoret.

Trykk her for å spele av lydfila til Totur frå Holt.  Du finn også musikken på Tidal/Spotify eller iTunes, og sjølvsagt på den fysiske CD-plata "Norske Turdansar II: Dansar frå Agder".

Om du ynskjer å kjøpe CD-en eller Turdansboka kan du kontakte solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no. Me sendar i posten.