«Kva skal vi danse?» er eit webinar om alle dei nye danseformene vi får inn, og korleis vi held oss til tradisjon. Kva er eigentleg vår dansestil, og skal vi danse alt? Det er emnet norsk folkedans som står i fokus der det vert diskutert kring korleis vi tek vare på denne tradisjonen. 

Det er Vegar Vårdal som har fått i oppdrag å ta oss gjennom dette webinaret. Vegar er folkedanspedagog, musikar og komponist busett i Vågå der han mellom anna arbeider i firmaet Kultivator. Han har vakse opp i Noregs Ungdomslag og kjenner godt til korleis dansen har utvikla seg i og utafor organisasjonen. 

Webinaret gjekk live 18. juni 2020.