For eit plastfritt hav

I 2017 vart me sjokkerte når forskarar fann 30 plastposer i magen på ein avliva kval, og i 2018 fekk me servert bilete av øyar som drukna i plast langs Norskekysten. Den enorme plastforureininga er eit verdsomspennande problem som krev verdsomspennande løysingar. Det betyr likevel ikkje at me må sitte og vente på at noko skal skje, og me i ungdomslaga kan gjere ein skilnad.

For det første kan ungdomslaga arrangere sjølv, eller delta på andre sine strandryddingar. All plasten som vert skylt i land langs kysten vår er ikkje berre miljøskadeleg i seg sjølv, men utgjer eit trugsmål mot alle dyr som ferdast i strandkanten. Er ein med på å rydde stranda er ein ikkje berre med på å gjere området fint att, men ein reddar dyrelivet! Fleire ungdomslag er allereie i gang, men landsmøtet i Noregs Ungdomslag ønskjer å oppmode enno fleire til å ta del.

For det andre kan me verte flinkare til å velje plastfritt, og resirkulere den plasten ein har. Når ein handlar inn til laget eller huset, bør ein så langt som råd velje produkt utan plastemballasje. Ungdomslaget kan òg vere med på å legge press på lokale butikkar og forhandlarar til å velje plastfrie produkt.

Me i Noregs Ungdomslag skal arbeide for levande lokalmiljø, og ein rein og frisk natur kring oss er absolutt ein del av det å skape levande lokalmiljø!