Meld.St.8 2018-2019: Kulturpolitikk for framtida

Fredag 23. november la kulturminister Trine Skei Grande fram den første kulturmeldinga på 15 år. Noregs Ungdomslag er nøgd med at meldinga konstaterer at det frivillige kulturlivet må få gode rammevilkår, og peikar på ei revidering av spelemiddelordninga som tiltak.

 

I kulturmeldinga står det at deltaking i det frivillige kulturlivet er med på å byggje tillit, danning og engasjement. Derfor, står det på side 72, skal styresmaktene «leggje til rette for at vi har eit levande frivillig kulturliv gjennom breie støtteordningar, slik det er formulert i stortingsmeldinga om den statlege frivilligheitspolitikken.» Dette lovar godt for den komande frivilligheitsmeldinga som blir lansert i desember.

 

Byggjer demokrati

Som kulturmeldinga også peikar på, har det sivile samfunnet av demokratisk oppbygde organisasjonar vore, og er framleis, ein svært viktig faktor i det norske kulturlivet og det norske demokratiet. Kulturverksemd er eit grunnlag for demokratiutvikling og sosiale fellesskap, og desse tinga er viktige svar på kvifor samfunnet skal prioritere feltet.

Eit kulturpolitisk mål er at flest mogleg skal ha høve til å delta og utfalde seg i kulturlivet. Eit frivillig kulturliv blir trekt fram som ein viktig arena for å få til nettopp det. - Frivillige kulturliv fremjar deltaking og eigenaktivitet, heiter det i meldinga.Frivillig kulturengasjement kan vere alt frå dans til dataspel. Det meldinga peikar på, som alle frivillige kulturaktivitetar har til felles, er nettopp høvet aktivitetane har til å fremje deltaking. Noregs Ungdomslag (NU) som organisasjon er ein viktig demokratiarena og aktiviteten i lokallaga skapar viktige sosiale fellesskap i lokalmiljøet.

 

Kultur for generasjonar

«Å bringe menneske saman på tvers av sosiale, politiske og kulturelle skiljelinjer kan verke positivt til å skape sosiale fellesskap og nettverk som styrkjer samhald og inkludering», heiter det på side 16 i meldinga. Vi i Noregs Ungdomslag kunne ikkje sagt oss meir einige, og synest det er flott at regjeringa har som prioritert mål å målrette tilskotsmidlar og mobilisere det frivillige kulturlivet for å stimulere til auka kulturell deltaking. Eit varsko her er at dette ikkje må låsast i prosjektbaserte midlar, men at ein heller legg til rette for varige aktivitetar som sikrar inkludering og deltaking over tid.

Barn og unge blir òg trekt fram som ei viktig målgruppe, både som publikum og aktive deltakarar, og regjeringa vil derfor framleis sikre ei god Frifond-ordning. NU synest det er bra, men etterlyser samtidig tiltak som inkluderer og nyttegjer dei eldre. Vår organisasjon består av medlemmar i alle aldersgrupper, og alle er like verdifulle for oss. På side 22 i kulturmeldinga står det at dei eldre utgjer ein viktig ressurs for samfunnet generelt og kulturlivet spesielt, men regjeringa har absolutt ingen plan eller prioriteringar for nettopp denne målgruppa.

 

Fysiske møteplassar

Noregs Ungdomslag sine lokallag har ansvar for over 300 ungdomshus. I byar og bygder over heile landet er husa eit sosialt knytepunkt for alle generasjonar og eit breitt spekter av aktivitetar.

Akkurat som kulturmeldinga understreker, er desse fysiske møteplassane viktige for å skape samhald og gode lokalsamfunn. Mange av husa held dessverre ikkje dagens standard, og lokallaga slit med å finne midlar til å oppgradere og vedlikehalde lokala sine. Det er derfor godt å sjå at regjeringa på side 40 formulerer korleis det er «behov for ein god fysisk infrastruktur for kulturutøving- og formidling som er eigna til formålet med tanke på storleik, akustikk og tilgang».

NU jobbar for ei eiga momskompensasjonsordning for organisasjonseigde kulturbygg. Eit konkret tiltak regjeringa vil prioritere er å vurdere innretning og fordeling av spelemidlar til kulturbygg innanfor ramma av tippenøkkelen. Om ei slik omfordeling faktisk vil kome dei organisasjonseigde kulturbygga til gode, så vil vi applaudere dette!

 

 

Immateriell kulturarv

Kulturmeldinga nemner viktigheita av materiell og immateriell kulturarv ved fleire høve, og seier dertil at styresmaktene har eit tydeleg ansvar for å føre vidare og utvikle Noregs felles kulturarv som ein del av det globale kulturmangfaldet. Fint formulert står det på side 39 at det «er lettare å forklare og forstå samtida når vi kan dokumentere, formidle og lære korleis samfunnet og kulturen har utvikla seg. Kunnskap om fortida gir eit tryggare blikk mot framtida».

Regjeringa meiner at både dokumentasjon og vern gjennom bruk er viktig, og peikar på korleis fleire organisasjonar jobbar for å føre levande immateriell kulturarv vidare. Noregs Ungdomslag arbeider blant anna for å få den allmenne bunadsbruken inn på UNESCO-lista.

Folkedansarbeidet vårt er eit anna godt døme på immateriell kulturarv: gjennom aktive leikarringar og gjennom dei offentleg tilgjengelege folkedansfilmane i Folkepedia. Vi håper fokuset på immateriell kulturarv gjer at vi kan satse vidare på Folkepedia og liknande tiltak i framtida.

 

 

Regionalisering

Kva for kulturoppgåver som skal overførast frå statleg hald til dei nye regionane, har vore eit heitt tema i den offentlege debatten. Noregs Ungdomslag synest regjeringa har landa på ein fornuftig konklusjon når det gjeld det frivillige kulturlivet. I dette ligg det at regjeringa ønskjer å føre tilskot vidare til verksemder som er spesialiserte eller unike i nasjonal samanheng, og tilskot til det arbeidet landsomfattande frivillige organisasjonar gjer for å styrkje og bygge opp under lokal og regional aktivitet. Dette gjer at organisasjonar som NU kan nytte den organisatoriske vifta til å gje lik tilgang til sørvis og fagkompetanse uansett kor ein bur i landet.

Så sant nasjonale støtteordningar som vaksenopplæringsmidlar og momskompensasjon vert oppretthaldne, ser vi positivt på at regionane får overført dagens tilskotsmidlar som gjeld lokale og regionale tiltak. Vi ser at lokale tildelingar kan gje svært gode resultat, noko samarbeidet med Sogn og Fjordane Fylkeskommune om NU-prosjektet Huset i bygda er eit godt døme på.

 

 

Framover

Ønsket vårt er at dei positive skotsmåla om det frivillige kulturarbeidet også fører til handling - slik at feltet kan halde fram å bløme, også i åra som kjem. Noregs Ungdomslag vil på si side gjere sitt for at regjeringa held ord, og hjelpe til med å hente fram statistikken som vert etterlyst i kulturmeldinga for å få eit best mogleg datagrunnlag for dei områda og tiltaka ein ønskjer å prioritere.

 

Kulturmeldinga vil bli etterfølgd av eigne stortingsmeldingar og strategidokument som skal konkretisere behov og tiltak på delområde av kulturpolitikken. NU ser spesielt fram til barne- og ungdomskulturmeldinga og vil jobbe aktivt påverke innhaldet i denne. Vi bit oss også merke i at det i 2020 er venta ei stortingsmelding om kulturminnepolitikken.