Kven veit?

Kven veit? er ei kunnskapstevling der deltakarane får teste allmennkunnskapane sine, og vi har to klasser: Junior Kven veit? for dei opp til 14 år* og Senior Kven veit? for vaksne over 14 år. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på spørsmål om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er tema for tevlinga. 

(* Deltakarlaga i Junior Kven Veit? kan søkje om dispensasjon for alderskravet for inntil 2 deltakarar per tevlingsgruppe. Ingen deltakar kan likevel vere eldre enn 16 år (10. klasse). Søknad må sendast inn før tevlinga startar. )

 Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar tilsendt studiemateriell om temaet for årets tevling. I studiemateriellet vil de få lese artiklar knytt til tema. Vi forsøker å lage eit studiehefte som både er morosamt og lærerikt å lese.
Kven Veit? er både eit opplegg for studiering og ei kunnskapstevling. I tevlingsrundane svarar tevlingslaga på spørsmål henta dels frå tema og dels frå allmennkunnskap. 

Søk om vaksenopplæringsmidlar
Du finn meir informasjon om reglane for vaksenopplæring på heimesidene til Studieforbundet kultur og tradisjon.  

Du søker støtte og finn studieplan for Kven veit? her

Deltakaravgift
Deltakaravgifta for Senior er kr kr 450 for kvar gruppe, samt kr 65 per deltakar for studiemateriel. Vi gir rabatt til lag med mange grupper. Deltakaravgifta er frå og med fjerde gruppe kr 300.

Deltakaravgift for Junior er kr 300 for kvar gruppe, og studiemateriellet er gratis.

Vinnarane
Det beste laget samanlagt etter dei tre tevlingsrundene vert kåra som vinnar av Kven Veit. Dei tre beste lag, både i senior og i junior, får pengepremar. Vinnarlaget får 2000 kroner, andreplass får kr 1000, og tredjeplass får kr 500.  Resultatlistene vert kunngjort på www.ungdomslag.no etter kvar tevlingsrunde.