Kven veit? Resultat etter første runde 2018

Resultat etter første runde er no klar, og to lag frå Innstranda UL er på delt førsteplass med 30 poeng og full poengpott. Men dei bør nok ikkje kvile på laurbæra for lenge, for berre 0,5 poeng bak pustar vinnarlaget frå tevlinga i 2016+2017 frå Bergen Ungdomslag Ervingen og laget frå Hugnad UL (Torpo) 
Dei skarpaste juniorane finn vi i Kyrkjebø UL, men kun få poeng skil dei frå dei neste laga på lista. Så heng med!

Les resten av resultatlista her.

RESULTATLISTE FOR BEGGE TEVLINGANE (jr er på side 3)


Protestar frå deltakarlaga
Junior
Etter første tevlingsrunde har vi motteke protest frå fleire juniorlag om spørsmål 9.3. Kva romersk gud har gitt namn både til planeten som ligg nærast sola og ein månad? 
I fasiten står det Mars, men den planeten som er nærast sola er Merkur noko som ikkje gir meining med namn på månad. Her meiner vi at spørsmålet sidan det er feil i spørsmålet, og at dette kan ha skapt forvirring hos tevlingslaga, stryk vi spørsmålet 9.3. frå tevlinga og endrar totalsummen for denne runden til 29 poeng. Det vil seie at ingen har fått poeng for svar på dette spørsmålet.

Senior

Etter første tevlingsrunden har vi motteke protest frå fleire seniorlag om spørsmål 3.2. Kven har skrive bokserien som blir kalla Napoli-kvartetten?

Her har det sneke seg inn ein skrivefeil, og svaret skal vere Elena Ferrante og ikkje Farrente som det sto i fasiten.