Konkurransereglar

I denne landsomfattande kunnskapstevlinga testar vi allmennkunnskapen vår. Kvart år vert det i tillegg valt eit eige tema som deltakarane kan førebu seg spesielt til gjennom eit eige studiemateriell. Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakarlaga på spørsmål som dei får tilsendt frå Noregs Ungdomslag. Det er flest allmenne kunnskapsspørsmål. 

Aldersgrupper
Kven Veit? er mest for deltakarar over 14 år,, men har ingen øvre eller nedre aldersgrense.

Lokal tevlingsleiar

* Kvart ungdomslag/skule som er med må ha ein tevlingsleiar som skal ha ansvaret for gjennomføringa av dei tre tevlingsrundane lokalt.
* Tevlingsleiaren er kontaktperson for laget, og får tilsendt temahefte/studiehefte og frå Kven Veit-sekretariatet.
* Tevlingsleiar får tilsendt spørsmåla før kvar tevlingsrunde og skal returnere dommarskjema til Kven Veit-sekretariatet så kjapt det let seg gjere etter at tevlinga er gjennomført lokalt.

Dommar
* Laget oppnemner minst 1 konkurransedommar som skal ha tilsyn med at tevlingsrundane vert gjennomførde etter reglane.
* Dommaren skal passe på at tevlingsleiaren opnar rett konvolutt, med spørsmål.
* Dommaren skal kontrollere svara frå gruppene mot fasitsvara og føre poengsummen inn på dommarskjema.
* Det kan vere forskjellige dommar til kvar runde.



Tevlingslag
* Kvart ungdomslag/deltakarlag kan stille med fleire lag som tevlar.
* Tevlingslaga i Kven Veit? kan ha inntil 5 deltakarar på tevlingsrunden.
Merk at tevlingslaga treng ikkje ha dei same 5 deltakarane gjennom heile Kven veit?, men kan ha ulik samansettning for kvar av dei tre tevlingsrundane.

Tevlingsrundane

Tevlingsrundane i 2021 skal gjennomførast lokalt av laget før 

16. februar             Innleveringsfrist 1. tevlingsrunde

15. mars                 Innleveringsfrist 2. tevlingsrunde

5.   april                   Innleveringsfrist 3. tevlingsrunde


Praktisk gjennomføring
*Tevlingsleiaren skal gå gjennom reglane med deltakarane før spørjerundane tek til. Bli gjerne einige på første tevlingsrunde korleis de ønskjer å gjennomføre tevlinga.


*Kvar gruppe skal få utdelt kladdepapir og eit svararket som gjeld for heile tevlingsrunden (før var det svarslippar til kvar enkel kategori)

*Spørsmåla er delt inn i kategoriar som har tre spørsmål. Tevlingsleiaren les opp ein kategori med spørsmål (altså tre spørsmål) om gongen.

*Spørsmåla treng ikkje å bli delt ut, men sjå til å lese spørsmåla tydeleg slik at alle får dei med seg. 

*Det er ikkje ei fastsett tid på kor lenge de skal bruke per spørsmål. Her styrer tevlingsleiaren ut ifrå kva gruppene ønskjer eller korleis det verkar som at laga ligg an etter kvar kategori.

*Tevlingsleiaren/dommaren kan vurdere om dei vil samle inn svararka midt i tevlingsrunden og ta ein pause med stillinga så langt.

*Når tevlingsrunden er gjennomført leverer kvar gruppe alle sine svar inn på eit svarark.

*Dommaren ser over svarskjemaene og gir poeng. Tevlingsleiaren ser over at dette stemmer. Dommaren skal saman med tevlingsleiaren skrive under på svarskjemaene og gå god for at tevlingsrunden er utført i samsvar med reglane. 
 

Innsending av svar og poeng
Svararka frå alle gruppene skal sendast samla til Kven Veit-sekretariatet så snart det let seg gjere. Helst på e-post til christoffer@ungdomslag.no 
 
Protestar
Evt. protestar skal vere skriftlege, og må sendast inn saman med svara.

Resultat etter kvar tevlingsrunde vert presentert på www.ungdomslag.no/kvenveit. Det beste laget i kvar klasse etter tre tevlingsrundar vert kåra som vinnar. 



Tilskot til studiering

Deltakargruppene i Kven veit? kan melde tiltaket inn som opplæringstiltak til Studieforbundet kultur og tradisjon. Studieringen må vere samla i minst 8 timar, og kurset blir godkjent når minst tre av deltakarane over 14 år har 75 prosent frammøte. Alle deltakarane skal stå på frammøtelista. Godkjent studieplan må være med i søknaden.