Tevlinga 2020

Klar for kunnskapstevlinga Kven veit?

Vert med og bryn deg mot NU sine skarpaste skallar i kunnskapstevlinga Kven veit? I 2020 er tevlingstemaet bunad. Påmeldinga finn du her!

Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på allmennkunnskap om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er temaet for tevlinga. 

Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar, tilsendt studiemateriell om temaet for årets tevling. I studiemateriellet vil de få lese artiklar knytte til temaet. 

Kven Veit? er både eit opplegg for studiering og ei kunnskapstevling, og laget kan søkje studiestøtte frå studieforbundet kultur og tradisjon. 

Det blir dessverre ikkje ei eiga tevling for junior i år.

Som vanleg blir det mest allmenne spørsmål om ulike tema og nokre utvalde spørsmål frå temaheftet. Veit du til dømes kva prisar Nordisk Råd gjev ut kvart år? Og kva hovudstaden på Færøyane heiter? Dette er berre noko av det du får svar på i temaheftet alle deltakarane får tilsendt på førehand.

Deltakaravgift

Deltakaravgifta i senior-klassen er på 450 kroner for kvar gruppe. I tillegg kjem ei avgift på 65 kroner per studiehefte. Om eit lag stiller med mange grupper får ein rabatt. Deltakaravgifta frå og med fjerde gruppe er på 300 kroner. 

Viktige datoar:

15. januar: Påmeldingsfrist

Veke 7: Første tevlingsveke

Veke 11: Andre tevlingsveke

Veke 14:  Tredje tevlingsveke

25. april: Kunngjering av vinnarane på landsmøtet til Noregs Ungdomslag

PÅMELDING GJER DU HER!