Tevlinga 2020

Klar for kunnskapstevlinga Kven veit?

Vert med og bryn deg mot NU sine skarpaste skallar i kunnskapstevlinga Kven veit? I 2020 er tevlingstemaet bunad.

Gjennom tre tevlingsrundar svarar deltakargruppene på allmennkunnskap om til dømes politikk, kultur, sport, underhalding og det som er temaet for tevlinga. 

Deltakarlaga får i god tid før tevlinga startar, tilsendt studiemateriell om temaet for årets tevling. I studiemateriellet vil de få lese artiklar knytte til temaet.  TEMAHEFTET FINN DU HER!

Kven Veit? er både eit opplegg for studiering og ei kunnskapstevling, og laget kan søkje studiestøtte frå studieforbundet kultur og tradisjon. 

Det blir dessverre ikkje ei eiga tevling for junior i år.

Som vanleg blir det mest allmenne spørsmål om ulike tema og nokre utvalde spørsmål frå temaheftet. Veit du til dømes kva prisar Nordisk Råd gjev ut kvart år? Og kva hovudstaden på Færøyane heiter? Dette er berre noko av det du får svar på i temaheftet alle deltakarane får tilsendt på førehand.

Deltakaravgift

Deltakaravgifta i senior-klassen er på 450 kroner for kvar gruppe. I tillegg kjem ei avgift på 65 kroner per studiehefte. Om eit lag stiller med mange grupper får ein rabatt. Deltakaravgifta frå og med fjerde gruppe er på 300 kroner. 

OPPDATERT INFORMASJON!

Kven veit? 2020 måtte ta ein pause midt i tevlings veke 2 i mars grunna smittevernsreglane knytt til korona-pandemien. No blir aktiviteten  sakte satt igang igjen, vi satsar på å ta opp igjen tevlinga i august. Merk: dei som alt har gjennomført og levert tevlingsrunde 2 hoppar over tevlingsrunde 2 i august (det er dei same spørsmåla) 

Har du ikkje lengre papira for tevlingsrunde 2? Ta kontakt men christoffer@ungdomslag.no 

Meir informasjon er sendt til tevlingsleiarane per e-post.

Viktige datoar:

Veke 34: tevlingsrunde 2

Veke 38: tevlingsrunde

TEMAHEFTET FINN DU HER!

 

Rettleiing: Kven veit? og smittevern

Når ivrige kunnskapstevlarar samlast er det lett å bøye seg litt for langt fram og kanskje gripe etter same pennen. Det er difor viktig at den lokale tevlingsleiaren tek på seg smittevernshatten, finn fram metermålet, byter blomevasar ut med handspriten på bodet og legg til rette for ein trygg og smittefri tevlingskveld.

Før tevling:

  • Sjå til at lokalet de skal vere er egna til at alle kan ha minst ein meter avstand til kvarandre.
  • Ingen felles rigging av bord og stolar. Dette må ordnast på førehand og ikkje i fellesskap. 
  • Vask over bord og stolar før og etter tevlingskvelden (om de ikkje er i eit lokale td. ein kafé der dette blir gjort for dykk)
  • Sørg for at du fører liste over kven som er til stades med kontaktinformasjon. Dette er til hjelp med ei eventuelt smittesporing.
     

Info til deltakarane på førehand

Gi tydleg melding til deltakarane om at tevlingskvelden skal gjennomførast etter smittevernsreglane:

  • Dei som er sjuke må halde seg heime. Er de berre eit lag i lokalet kan desse eventuelt bli med digitalt på skjerm.
  • God handhygiene. Vask hendene før de set dykk ned rundt tevlingsbordet. Ha gjerne handsprit tilgjengeleg.
  • Alle som ikkje er frå same husstand skal halde minst ein meter avstand. (Dette gjeld sjølv i dei ivrigaste diskusjonane.)
  • Ta med eigen penn, og del ikkje på anna naudsynt tevlingsutstyr som kaffikanner. 
  • Det blir ikkje felles matservering, så kom ikkje med lågt blodsukker til tevlingskvelden.