NU Kulturformidling

Prosjektet NU Kulturformidling har som hovudmål å skape aktivitet i ungdomshusa. Konkret vil ein forsøke få bygge opp turné-nettverk av arrangørar og scener blant dei nær 400 lokallaga og 220 ungdomshusa som er tilknytt Noregs Ungdomslag. Ungdomshusa er små kulturhus og ligg rundt om kring i heile landet, både ute på øyer, inne i tronge dalar og langt oppe i små fjellbygder, mange av desse plassane har ikkje scener for profesjonelle kunstuttrykk. Her har ungdomshusa eit unikt potensiale. Lokallaga skal få tilført arrangørkompetanse og draghjelp gjennom prosjektet. Ein nettportal skal synleggjera arrangørane for utøvarar og setta dei i kontakt med kvarandre. Sjå www.ungdomshus.no.

Ynskjer ditt lokallag å bli arrangørar i prosjektet? 

Ta kontakt med prosjektleiar Anne-Marte Før på annemartefoer@remove-this.gmail.remove-this.com eller 936 53 751.