Lokallaga og fylkeslaga i Noregs Ungdomslag driv eit stort opplæringsarbeid, ofte gjennomført som kurs gjennom Studieforbundet kultur og tradisjon. Noregs Ungdomslag sentralt brukar også mykje ressursar på instruktøropplæring og kompetanseutvikling i organisasjonen. På denne sida kan du lese om noko av den opplæringa som blir tilbydd gjennom året.

Her finn du oversikt over alle kursarenaene Noregs Ungdomslag tilbyr. Klikk deg berre vidare på artiklane nedanfor. 

Noregs Ungdomslag har ei instruktøropplæring i teater og folkedans som skal dekke dei fleste sjangrar. Kursa skal gjennomførast i ulike regionar rundt om i landet.

Instruktørkursa er sterkt subsidiert av sentralleddet. Dette betyr at kursa er rimeleg for deltakarane, og at det ikkje skal vera nokon økonomisk risiko å vera vertskap for kursa. 

NU ønskjer å gjennomføra 4 teaterkurs og 4 folkedanskurs kvart år. Geografisk plassering og fastsetjing av tema for dei ulike kursa blir gjort etter innspel frå lokal- og fylkeslag. Sentralleddet vil vere økonomisk ansvarleg for kurset, men den praktiske gjennomføringa kan leggast til både storkurs i fylkeslaga, eller på eigne arenaer i lokal- og fylkeslaga. 

Instruktørkursa er lagt opp til helgekurs som går over 12 timar, og det er mogleg med kursstart anten fredag eller laurdag.

Meld inn ønskje og behov til post@ungdomslag.no dersom de vil ha kurs til området dykkar!

Les brosjyra til instruktørkursa her

Teater/revygrupper i Noregs Ungdomslag kan få besøk av ein instruktør heim til laget sitt. Vi tilbyr alt frå hjelp til å starte teatergruppe, øvingshelg, kurs i improvisasjon, revy, skodespelarteknikk, fysisk uttrykk, klovning, sminke, scenografi m.m.

Vi ber laga om sjølv å kome med kursforslag. Så lenge temaet har med teater/scene å gjere er det innafor. Me finn den instruktøren som kan passe best til nett det temaet di gruppe ynskjer, og de kan sjølv kome med framlegg om instruktør dersom de har nokon de kunne tenke dykk å ha kurs med. I og med at me ikkje har fast ansette instruktørar som står klare til å verte sendt ut, betyr det at det er viktig at de er ute i god tid. Minimum 20 virkedagar før kursstart. 

Korleis tinge instruktøren?
Ta kontakt med kulturrådgjevar Inger Johanne Ruset (inger.johanne@remove-this.ungdomslag.remove-this.no) og avtal tidspunkt og kva type kurs de ønskjer. Kontoret syter då for å skaffe den rette instruktøren til ditt lag. Laget betaler ein eigendel på kr. 5000,- Laget får då helgekurs på 10 timar og Noregs Ungdomslag betalar honorar, reise og overnatting til instruktør. Laget er ansvarleg for å skaffe høveleg overnatting til instruktøren, men rekninga vert sendt til Noregs Ungdomslag. Avlysingsfrist for eit oppdrag er på 14 virkedagar, etter det må laget betale sin eigenandel uansett. Det tyder at det er viktig å vere ute i god tid for å tinge gjesteinstruktør. 

 

Lokallag i Noregs Ungdomslag kan få besøk av ein folkedansinstruktør. 

Helgekurs
Vi tilbyr desse helgekursa (10 timar): 
Nybegynnarkurs i folkedans for ungdom og vaksne (last ned studieplan)
Grunnleggande instruktørkurs i folkedans (last ned studieplan)

Pris helgekurs: Laget betaler ein eigendel på kr 5.000.- Laget får helgekurs på 10 timar og NU betaler honorar, reise og overnatting for instruktøren. 

Korleis tinge ein instruktør?
Vel deg ut eit kurs og ein instruktør ut frå studieplanane og lista over instruktørar. Ta deretter kontakt med folkedansrådgjevar Solveig Brekke Hauknes (solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no) for å avtale kurstype og tidspunkt. NU lager avtale med både lærar og lokallaget, samt betalar honorar, reise og overnatting til instruktør. Laget betaler eigenandelen til NU.