Teaterverksemd i NU

Heilt frå starten har teaterverksemd hatt ein viktig plass hjå ungdomsrørsla. I 1855 skreiv Ivar Aasen Ervingen – det første dramaet på nynorsk. Gjennom åra er det ikkje få ungdomshus der dette stykket har blitt spela av lokale bygdefolk. Men også Hulda Garborg var ein viktig inspirator for amatørteatertradisjonen i ungdomslaga. Ho starta Det Norske Spellaget, som var forløparen til Det Norske Teatret, og der arbeidde ho saman med ei rekkje framståande ungdomslagsfolk. Ho skreiv sjølv og regisserte fleire stykke, deriblant Rationelt fjøsstell. Fleire av skodespela hennar er mykje brukte både i ungdomslaga og på dei profesjonelle scenene.

Sidan midten av 1970-talet har teaterarbeidet i NU fått eit nytt oppsving. Særleg folkekomediar som Kallane i Oladalen og Brødrene Østermanns huskors har vore mykje spela. I 2003 tok NU initiativ til å skipe Norsk Amatørteaterfestival, og denne festivalen blei arrangert annakvart år fram til 2014.