Dansefest med Vegar Vårdal trio (Oslo)

I fem timar denne laurdagskvelden kan du danse til Vegar Vårdal (fele), Håvard Ims (torader), Åsmund Reistad (gitar, mandola, m.m.) sitt energiske og leikne samspel. 

Det blir økter med leia turdans og songdans i tillegg til økter med runddans og bygdedans. Kaffi og kaker er inkludert i inngangsbilletten.  

Dansefesten er i samband med landsmøtet til Noregs Ungdomslag, men er open for andre enn landsmøteutsendingane.  
Adresse: Nordahl Bruns gate 22. 

Dansefesten tek til kl 20.00. Pris: NU-medlem kr 100.- Ikkje medlem kr 200.- (landsmøteutsendingane har fri inngang, og treng ikkje melde seg på)

LES MEIR OG MELD DEG PÅ HER