Demokratiseminar

Bli med på seminar om demokrati og dei frivilige organisasjonane! Meld deg på med å klikke "deltek" på facebook-hendinga.
 

Er demokratibygging gjennom frivillige organisasjonar utdatert?

Kva er dei frivillige organisasjonane si rolle i eit deltakande demokrati? Korleis kan lag og organisasjonar vere med å styrke ordskiftet og demokratideltaking i framtida?

Vinteren 2018 er det 150 år sidan det første kjende ungdomslaget vart stifta. I 1868 var Noreg framleis eit ungt demokrati. Det var ikkje allmenn stemmerett og det var ikkje organisasjonsfridom. Det var både framtidstru og optimisme, utvikling og nyvinningar kombinert med rotlause, manglande rettar og vanskelege levekår. Strukturar og gamle kulturar var i oppløysing. 

Midt i dette kom ulike lag og møteplassar for ungdom i alle aldrar i by og bygd. Dei blei faste haldepunkt og viktige arenaer for å samvær, debatt, kulturutøving og opplæring i demokratisk medverknad. 

Den frilynde rørsla, med lag, folkehøgskular, seminar og bodstikker, var viktig for utviklinga av eit moderne og deltakande demokrati i Noreg. Etter meir enn 100 år med allmenn stemmerett er situasjonen i dag annleis. Demokratideltakinga går ned, organisasjonslivet er meir fragmentert og dei gamle folkerørslene blir erstatta av ad hoc-drivne engasjement med sosiale media som viktigaste verktøy.

Den rolla som dei frivillige har spelt i etablering av eit deltakande demokrati er ikkje den same som før. Har vi framleis ei rolle å spele, og korleis kan vi gjere det? 

Program:
Kl. 11.00 Vi serverer kaffe og noko å bite i.

Kl. 11.15 Opning av Mette Vårdal, leiar i Noregs Ungdomslag.

Kl. 11.30 Hilde Sandvik, professor i historie ved Universitetet i Oslo: «Kva rolle hadde det frivillige organisasjonslivet i etableringa av eit deltakande demokrati i Noreg»

Kl. 12.00 Torbjørn Bergwitz Lauen, masterstudent i historie:
«Noregs Ungdomslag som opplæringsarena i demokratisk deltaking før 1920»

Kl. 12.30 Kaffepåfyll og beinstrekk.

Kl. 13.00 Demokrati; kva no? 
Samtale om demokrati og frivilligheit i framtida:
Heikki Holmås, styreleiar i Frivillighet Noreg
Jan Kløvstad, dagleg leiar for Nordisk informasjonskontor Norge
Kjærsti Gangsø, dagleg leiar i Studieforbundet kultur og tradisjon
Mette Vårdal, styreleiar Noregs Ungdomslag

Kl. 14.00 Avslutning

Påmelding
Meld deg på med å klikke "deltek" på facebook-hendinga.

Lenke til facebook-hending