Instruktørkurs: Folkepedia

I samarbeid med Skare Ungdomslag og Hardingfela.no skipar Noregs Ungdomslag til eit nasjonalt instruktørkurs 24.-25.november 2018 i Tyssedal, Odda kommune.
Instruktørkurset går over 12 timar laurdag og sundag.

Om kurset:
Folkepedia er eit instruksjonsverktøy og ein ressurs for deg som danseinstruktør. På dette kurset vil me arbeida med dansar, repertoar og metodar frå Folkepedia. I tillegg vil ein læra eit repertoar av dansar og leikar for barn. Korleis ein arbeider med barn og ungdom og gruppeleiing vert også sentrale tema for helga.  

Om instruktøren:
Halldis Folkedal er dansar og dansepedagog frå Hardanger. Ho har tidlegare arbeidd som folkedansrådgjevar i Noregs Ungdomslag. Av utdanning har ho Nordisk mastergrad i dans (NO-MA-DS), i tillegg til pedagogisk utdanning i dans frå Kunsthøgskolen i Oslo. Halldis har undervist dans i vidaregåande, på folkehøgskule, på lærarkurs på høgskular, i kulturskulen/ DKS-prosjekt og på ei rekkje kurs over heile landet. Halldis er hjernen bak Folkepedia, ein digital danseskule for barn og ungdom. På kurset tek ho med seg Folkepedia og fleire av sine kjekkaste dansar og danseleikar, i tillegg til ulike måtar ein kan arbeida med gruppeleiing på.

Målgruppe: 
Kurset er for deg som er interessert i å læra meir om korleis ein kan formidla folkedans til barn, ungdom og vaksne med ulike verktøy og metodar. Det er ikkje eit krav at ein skal ha instruert tidlegare, kurset er ope for godt erfarne og heilt ferske instruktørar.

Kurstider:
Laurdag 09:00-17:00
Sundag 09:00-15:00

(Med atterhald om endringar).

Kurslokale: 
Festiviteten, 5770 Tyssedal, Hordaland.

Prisar:
Medlem i NU 400,-
Ikkje-medlem 800,-

Lønsj og kaffi/frukt begge dagar er inkludert i kursprisen.

Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt på solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no før du fullfører påmeldinga.


Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via https://www.deltager.no/instruktorkurs_folkepedia_tyssedal Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er onsdag 7.november.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no.