Kulturkveld tema bunad (Oslo)

Den 11. april vert det kulturkveld i Nynorskens hus der tema er bunadar. Bjørn Sverre Hol Haugen kåserer. Bjørn Sverre kjem frå Odalen og er bunadekspert. Han er fyrstekonservator ved Anno museum på Kongsvinger. I tillegg er han fyrsteamanuensis II ved Universitetet i Oslo. Han underviser i museologi og kulturhistorie. Musikar Aslak Brimi spelar slåttar. Arrangementet er gratis.