Kurs i handsaum av dåpsluer (Oslo)

 høve NU si Landsmøtehelg i Oslo 27.-29.april 2018 skipar Noregs Ungdomslag til eit kurs i handsam av dåpsluer 28.-29.april. Kurset går over 12 timar laurdag og sundag og skjer parallelt med landsmøtet. Det vil seie at du ikkje kan delta på både landsmøte og instruktørkurs. 

Laurdag kveld er det festmiddag på Scandic Hotel St. Olavs plass og dansefest i BLS med Vegar Vårdal, Patrik Andersson og Åsmund Reistad. Festmiddagen er open for landsmøtet og kursdeltakarar, mens dansefesten er open for alle andre også. 

Om kurset: 
På slutten av 1700- tallet blei dåpsluene ofte sydd i fargeglade silkestoff. Snittet i luene skiljer mellom på gute- og jentelue. Alle er meir eller mindre pynta med silkeband, blonder og metallkniplingar. Samansyingsteknikkane har vore ulike, men alle var sjølvsagt sydd for hand. På kurset vil dei tradisjonelle luene som var i bruk for meir enn 200 år sidan vere inspirasjon for saum av nye luer. Kursmateriell kjøpe du på kurset, frå kr 450 per lue.

Om instruktøren: 
Mona Løkting driv håndverk- og tradisjonsbedriften, Staslig. Her monterer ho bunader som er forankra i folkedrakttradisjonen vå, men også andre type bunader. Mona er utdanna kjole- og draktsyermester, i tillegg har ho svenne- og meisterbrev i bunadtilvirkerfaget. Fra 2008 - 2011 var ho stipendiat ved NHU innen tekstil. Ho har arbeidd mykje med opplæring innan saumfaget, og har også teoretisk utdannelse innan draktfaget.

MELD DEG PÅ HER INNAN 11. APRIL