NU-helg, med landsmøte, kurs og seminar (Oslo)

Noregs Ungdomslag sitt landsmøte blir halde på Scandic St. Olavs plass, laurdag 28. og søndag 29. april. 

I år blir det lagt større rammer rundt landsmøtet, der også personar som ikkje skal delta på det formelle landsmøtet har eit tilbod.
Vi håper difor at mange ungdomslagsfolk tek turen til byen denne helga.

  • Det vil som tidlegare år bli lagt opp til faglege seminar både fredag og laurdag, og desse seminara er opne for alle. Les meir her.

  • Det vil bli arrangert eit eige demokratiseminar på fredag. Dette blir halde i Nynorskens hus (BUL Oslo), og er ope for alle.

  • Vi tilbyr også instruktørkurs i dans og teater, samt kurs i handsydde dåpsluer. Desse kursa går parallelt med landsmøtet, og er difor tiltenkt dei som ikkje skal på landsmøte. Les meir her.

  • Laurdag kveld blir det dans i BLS sine lokale i Nordal Brunsgate 22, med musikarane Vegar Vårdal (fele), Patrik Andersson (fele) og Åsmund Reistad (gitar, madola m.m.) Dansefesten er også open for alle. Kjøp billett her