Seminar: Å arrangere dansefestar

Det er ingen tvil om at det skjer mykje spennande innanfor folkemusikken og folkedansen rundt om i landet vårt. Likevel er det mange som drøymer seg attende til 1960-, 1970- og 1980-talet då golva var fulle av dansarar i grendahus og ungdomshus. Korleis skal vi greie å få folk i alle aldrar til å gå «mann av huse» for å gå på dansetilstelningar att?

Fredag 9. november rarrangerer Noregs Ungdomslag og FolkOrg eit samarbeidsseminar med fokus på dansearrangement. Dette er eit heildagsseminar frå 09.30 til 16.00 der vi vil diskutere ulike tema og utfordringar rundt det å arrangere dansefestar. Vi vil diskutere ulike arrangørutfordringar, marknadsføring, stønadsordningar og mykje meir. 

Seminaret er gratis, og FolkOrg og Noregs Ungdomslag spanderer lunsj på alle seminardeltakarane. Thomas Nilssen vil lose oss gjennom seminardagen som ordstyrar.

Det er begrensa med plassar på seminaret, så meld deg på så fort du kan. Påmeldingsfrist er 1. november.

For å melde deg på sender du e-post til Solveig Brekke Hauknes, eller Øyvind Sandum. Er det noko du lurer på så er det berre å ta kontakt.

Foreløpig program

09.30                          Kaffe

10.00                          Opning

10.15                          Innleiar/Foredrag

10.45                          Intervju/Solskinnshistorier

11.15                          Frukt og nøtter

11.30                          Arrangør (honorar, dugnad, skjenkjeløyve etc.)

12.30                          Lunsj

13.15                          Marknadsføring (Sosiale media, presseskriv, korleis engasjere folk etc.)

14.00                          Kunstnarisk innslag

14.15                          Stønadsordningar

15.00-16.00                 Kaffe og høve til å prate med kvarandre

 

Med atterhald om endringar.

 

 

Mvh

Noregs Ungdomslag og FolkOrg

 

Solveig Brekke Hauknes

Tlf.: 473 98 764

E-post: solveig@remove-this.ungdomslag.remove-this.no

 

Øyvind Sandum

Tlf.: 957 74 037

E-post: oyvind@remove-this.folkorg.remove-this.no