Vinjekveld Sarpsborg

BUL Sarpsborg i samarbeid med Sarpsborg Mållag skipar til opent festmøte i høve 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje onsdag 10. oktober kl. 19.00 på Matstova
 

PROGRAM

Foredrag om Aasmund Olavsson Vinje ved Olav Vesaas  

Stine Maria Aase og Lena Wallin framfører songar av Aasmund Olavsson Vinje og Edvard Grieg

Allsong
Servering. 
Gratis inngang.                                

Alle er velkomne!
 

Av omsyn til serveringa, ber vi om påmelding innan 3. oktober til Tone Eidsvold påeidsvold@remove-this.online.remove-this.noeller på sms til 99531605     
 

Olav Vesaaser forfattar og har vore kulturmedarbeidar i NRK i mange år. Han har skrive bok om 
Aa.O. Vinje «Ein tankens hærmann».

Aasmund Olavsson Vinje 
Aa.O. Vinje, journalist og diktar, vart fødd i 1818, og i år er det difor 200-årshøgtid for denne diktaren, journalisten og målmanenn. Han var ein av dei fyrste til å ta i bruk landsmålet og var banebrytande ved å gjere landsmålet til eit levande bruksspråk, med avisa Dølen. Mange av Vinje sine dikt er tonesette, og fleire av dei er blitt folkekjære songar.