Bli medlem
Noregs Ungdomslag (NU) arbeider for ein levande lokalkultur. Vi har i underkant av 400 lokale medlemslag som har eit stort mangfald i aktivitetetar, men med store lokale variasjonar. For å bli medlem i NU, melder du deg inn gjennom eit lokallag*. Du kan også melde deg direkte inn i organisasjonen om det ikkje er lokallag på staden der du bur, som det er naturleg å melde seg inn i.
Meld inn lokallaget i NU, og bli med i eit interesse- og aktivitetsfellesskap!
Den lokale aktiviteten er utgangspunkt for alt arbeidet som blir gjort i Noregs Ungdomslag. Vi arbeider for at det skal vere enklast mogleg å drive laget, slik at engasjementet i laget heller kan utløyse meir lokal ktivitet.
Som medlemslag i NU har de fleire fordelar:
- Tilgang på kurs og opplæring av instruktørar innanfor teater og dans
- Tilbod om subsidiert gjesteinstruktør heim til laget
- Rimelege forsikringsordningar gjennom KNIF Trygghet
- Gode innkjøpsordningar og rabattavtalar gjennom KNIF innkøp
- Tilgang på tilskotsordningar som t.d. tilskot til opplæring gjennom Studieforbundsorninga og Frifond-midlar til aktivitet for medlemmer under 26 år.
- 15% på Fiken regnskap. Dette er eit online reknekapsprogram som passar godt til lokallag og små selskap.
Les meir om medlemsfordelane for lokallag i Noregs Ungdomslag
Som medlem i eit av medlemslaga i NU, får du også fleire fordelar:
- 10% rabatt på BAR-prisar (beste tilgjengeleg pris) på Hotel Bondeheimen i Oslo.
- 20 % rabatt på Det Norske Teatret i Oslo.
- Rabatt på Kaffistova i Oslo.
- NU har avtale med Nordic Choice-kjeden. For å få 20 % rabatt, må du då gå direkte på www.nordicchoicehotels.no/ og skriv inn i feltet kampanjekode: 66457 det vil då kome opp prisar merka idrett.
Kontigent for medlemmer under 26 år som er meldt inn direkte i NU: 150
Kontigent for medlemmer over 26 år som er meldt inn direkte i NU: 300
Send oss ein epost på post@ungdomslag.no om du ønskjer meir informasjon om korleis ein kan bli medlem i Noregs Ungdomslag
*vi jobbar med eit betre oversyn over lokallag og håpar å ha dette snarleg på plass her på heimesida