Hopp til hovedinnhold

Søk gjesteinstruktør for hausten 2024Frist 1. maiSøk gjesteinstruktør no

Reportasje

Leiar si opningstale til landsmøtet 2024

Landsmøtet 2024 er opna, og her er leiar Torbjørn Bergwitz Lauen si tale til landsmøtet.

Opningstale landsmøteOpningstale landsmøte

Velkomen gode, frilyndte, ungdomslagsfolk.

Velkomen til landsmøte!

Velkomen til ei helg med debatt, dialog, diskusjon, dans, og kanskje litt drama.

Landsmøtet er vår organisasjons viktigste møteplass.

Her får gamle travere utfolde seg på både talarstolen og ved kaffibordet.

Her får ferske utsendingar møte og oppleve organisasjonen på ein heilt ny måte.

Her får vi alle møte nye mennesker. Nye erfaringer. Nye historier.

Og det er i møtet mellom det nye og det gamle at vi utvikler nye tankar og idear.

Og det er i møte med andre menneskers meininger, standpunkt og holdninger, at vi sjølv kan vokse som menneske.

Landsmøtet er vår organisasjons viktigste møteplass.

Her skal VI – på vegne av nesten 14 000 medlemmar og over 300 lokallag – meine, vedta og sette retning for arbeidet vårt.

Det er vi i denne salen som må sette oss sammen og finne ut kva som er lurt å gjere.

Det er vi som må løfte blikket – og som NU-pila gjer – se framover.

Kva er NUs samfunnsoppgåve? Og kva skal den vere i framtida?

Kva er det VI som organisasjon kan – og vil – gjere for samfunnet vi er ein del av?

For dei som har fulgt med på sosiale medier dei siste par vekene, så har de sett ein følgjetong om NUs historie – tiår for tiår.

Den frilyndte ungdomsrørsla har til ulike tider spelt ulike roller i det norske samfunnet.

Det samfunnet som eksisterte når dei første ungdomslaga blei stifa for 150 år sida – det samfunnet som ungdomslaga ønskte å endre med folkeleg opplsyning på fullnorsk grunn – det finst ikkje meir.

Vi vant.

Det er ikkje bare 40 000 velstående menn som har stemmerett lenger.

I skulen lærer vi å formulere meiningane våre i både skrift og tale.

Vi blir ikkje nekta inngang på restaurant fordi vi snakker dialekt.

Det er fleire som ser nynorske teaterframsyningar på Det Norske Teatret enn bokmålsframsyningar på Nationaltheatret.

Vi får lov til å både danse og spele fele i kjerka, ja til og med på fleire bedehus!

Alle har tilgang til å låne bøker på bibliotek – der dei bur - og ikkje bare i byen.

Vi får lov til å skrive i avisa på den målforma vi sjølv fortrekker.

Ja, vi får faktisk lov til å ytre oss offentleg kvar einaste dag viss vi vil

– om kva vi vil!

Ordet er fritt – og alle kan sei si meining utan å vere redd for sanksjonar!

Eller?

Vi veit jo alle at ordskifta har jo blitt krassere.

Skyttegravene djupare.

Yttringsrommet har blitt trongere

Og det er lenge sidan samfunnsdebatten har vore like polarisert som no.


Har den frilyndte ungdomsrørsla fortsatt eit viktig samfunnsoppdrag?

Er det vår oppgåve å bygge ned motsetnadar i samfunnet? I lokalsamfunna våre?

Ja! Meiner eg.


Det er vår oppgåve å legge til rette fleire møteplassar.

Møteplasser der ulike mennesker, med ulike historier, ulike erfaringar og ulike standpunkt kan møtes på tvers og bli kjent med kvarandre.

Det er i møte med andre vi kan utvikle oss – og vekse som mennesker.

Det er i møte med andre vi kan utfordre oss sjølv – og våre eigne meininger.

Det er i møte med andre vi skaper og bygger, trygge, engasjerte og levande lokalmiljø.

Gjennom lavterskel, folkelige, kulturaktiviteter skal vi skape nøytrale arenaer der alle kan delta.

Der alle kan føle seg trygge.

Der alle kan få utfolde seg, og utfordre seg sjølv – og andre

Der alle kan føle seg heime.

Det er difor formålsparagrafen vår sier at vi skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement, og levande lokalmiljø.

Vi har eit viktig samfunnsoppdrag

Vi skal vere ein motpol mot polarisering og steile fronter.

Vi skal ha ein inkluderende samværskultur.

Der alle blir møtt med respekt og raushet.

Der det er takhøgde for å ytre meiningane sine,

og rom til å vere ulike.

Det er vårt frilyndte samfunnsoppdrag.

Så, gode landsmøtelyd.

Korleis skal vi få til dette?

Fleire aktualitetar

Sjå alle