Hopp til hovedinnhold

Bunad DIY

Nokon reparasjonar kan du klare å gjere sjølv, og på denne sida vil det kome fleire videoer som viser korleis du kan få det til.

Veskelås

Veskelåsen til bunaden kan variere i både storleik og farge på metallet. Felles for dei alle er at dei har ei rekkje hol du kan sy igjennom for å feste han til veska.

Bruk ein tråd som toler ein støyt - på videoen under det brukt knappehullstråd.

Dei lærde strides om farge på tråden. Nokon sverger til tråd som matcher fargen på veska. Andre meiner ein skal bruke same farge på tråd som veskelåsen har. Her er det ingen fasit, så gjer det du sjølv syns er finast.