Hopp til hovedinnhold

Bunadsølv

Sølvet treng også omsorg, på lik linje med bunaden. Etter bruk bør du gå over sølvet og tørke av skit og smuss med ein pusseklut. Sølvet skal oppbevarast mørkt, tørt, lufttett for at det skal halde seg blankt lengst mogleg. Dette gjeld ikkje sølvbelter, da garvesyra i læret bør oppbevarast luftig.

Ikkje bruk gummistrikk saman med sølvet, da gummi inneheld svovel og fører til oksidering og flekkar.

Sjølv om ein gjer alt riktig, vil sølvet oksiderast over tid, og må stellast eint gong i blant for at det skal halde seg blankt og fint.

Stell av sølv

Bland 1 liter lunka vatn, 1 ts salmiakk og nokre dropar Zalo ein glas- eller plastbolle

La sølvet liggje i 10 til 15 minuttar, før du vaskar det forsiktig med ein liten kost. Du kan til dømes bruke ein mjuk tannkost.

Skyl godt av med reint vatn og tørk med ein mjuk klut. Gå over sølvet med ein hårfønar slik at det blir heilt tørt. Slik unngår du matte flekkar.

Dersom du skal pusse påsydde knappar er det lurt med eit pussebrett. Desse får du kjøpt hos fleire bunadsforhandlarar, eller du kan enkelt lage eit sjølv. Finn fram eit stykke kartong eller plastplate og klipp eit spor. Lokket frå iskremboksen er fin å bruke. Deretter trer du knappen innpå, så du ikkje kjem borti stoffet når du pussar.

Sølv som er festa på bunadsbelte kan pussast med ein pusseklut for sølv. Pass på å ikkje kome borti læret på beltet, da pussekluten kan setje flekkar. Det kan vere lurt å tre kluten på til dømes ein Q-tip for betre kontroll. Dette gjelder også sølv som er sydd fast i bunaden, til dømes veskelås, capespenner og maljer. Dersom sølvet har blitt ordentleg stygt må det sprettast av og pussast for seg, for så å syast på igjen.

Sølvbad er også noko ein kan få kjøpt på dei fleste bunads- og gullsmedbutikkar. Ved bruk av desse må du vere veldig forsiktig så ikkje glansen eller forgyllinga forsvinn i den sterke pussen. Dypp berre nokre sekundar av gongen, ta dei opp og sjå om det er nok. Ofte skal det ikkje meir til enn fem sekundar. Skyll godt med rikeleg lunka vatn, og tørk det heilt før du legg det bort.

Dersom sølvet har blitt skikkeleg mørkt og skittent kan det vere lurt å levere det inn til gullsmed for full reins. Dei kan også forsylve, forgylle eller oksidere på nytt, dersom det er naudsynt.

Kjelder: Krivi, Norsk Flid, Institutt for bunad og folkedrakt, Sylvsmidja, Vossasylv

detalj av bunad med broderier og søljerdetalj av bunad med broderier og søljer
Foto: Noregs Ungdomslag, Anne Marte Førr