Hopp til hovedinnhold

Bunadsskjorta

Bunadskjorta er ein evig kjelde til bekymring for mange. Den skal strykast, og helst vere så kvit som mogleg. Men kvite skjorter blir gule med åra, dei broderte delane kan bli slitt, knappane dett av og når skal du eigentleg stryke ho?

Bunadsskjorta bør vaskast etter bruk. Anbefalinga er handvask, men med dagens vaskemaskiner toler dei fleste skjortene finvask på 30-40 grader. Dersom du har ein gamal skjorte du har arva, anbefala vi å vaske for hand for å vere på den sikre sida.

Dersom skjorta er sett saman av fleire materialar, så handter skjorta ut ifrå det skjøraste materialet. Dersom til dømes broderia på skjorta er i ull eller silke, så skal skjorta vaskast som ein ull- eller silkeskjorte.

kvinne med kvit skjorte inni vest telemark bunadkvinne med kvit skjorte inni vest telemark bunad
Foto: Noregs Ungdomslag, Anne Marte Førr

Handvask

  • Om skjorta di har gulna, bør du fyrst vaske for å sjå om det går bort.
  • Ikkje bruk Vanish!
  • For så kvit skjorte som mogleg, kan ein bruke til dømes Blenda Hvit eller sitronsåpe. Pulveret rørast godt ut i varmt vatn (ikkje varmare enn 60 grader). La skjorta ligge i 12 timar, rør om av og til så skjorta blir jamt bleika. Pass på å skyle skjorta godt i reint vatn. Såperestar i skjorta kan føre til at den blir gul fortare.
  • Pass på at det er metallhekter eller trykknappar på som kan farge av.
  • Dersom dette ikkje hjelper kan du henge han ut i sollys eller leggje han på snøen i sola for bleiking.
  • Bleikeprosessar svekkjer fibrane i stoffet, så dette skal berre gjerast når det er naudsynt.
  • Om det framleis er ein flekk på skjorta som du ikkje veit kva er, dryss såpespon eller sitronsåpe på medan skjorta er våt. Bruk anten ein natursvamp eller ein kvit og rein vaskeklut, og trykk på flekken. Gjer det same på kragen dersom den er gul i bretten.
  • Ikkje vri eller gni hardt på stoffet.
  • Farga broderi: dersom du ser at fargane på broderiet «blør» kan du blande ut kvit eddik (7%) i vaskevatnet for å stoppe avfarginga. 

Maskinvask

  • Bomullskjorter utan broderi toler fint maskinvask.
  • Bruk ein vaskepose når du vaskar i maskin, for ekstra vern.
  • Køyr gjerne ein ekstra runde med kvitvask før du vaskar bunadsskjorta, slik at eventuelle fargerestar blir borte.
  • Både bomull- og linskjortar toler vask på opptil 60 gradar.

Etter vask

  • Når skjorta er vaska og tørr, skal den brettast pent saman og leggjast bort. Den skal ikkje henge. For ekstra vern kan du leggje skjorta inni eit gamalt putevar i bomull.

Stryking av skjorte

  • Ikkje stryk skjorta rett etter vask. Strokne skjorter har lett for å gulne. Vent med å stryke den til eit par dagar før bruk.
  • Fukt skjorta lett før stryking. Dette kan du gjere ved å bruke ein rein sprayflaske med vatn, spraye lett over og leggje skjorta i ein plastpose i eit par timar. Då får skjorta ein jamn fuktigheit som gjer han lettare å stryke.
  • Ved stryking av piperynkar, strekk litt i stoffet for å komme inn mot rynkene.
  • Etter stryking kan du henge opp skjorta på ein hengar. Pass på at kleshengaren ikkje fargar av. La den henge til skjorta er heilt tørr. Då held han seg glatt og fin lenger.

Kjelder: Krivi, Norsk Flid, Institutt for bunad og folkedrakt, Norges husflidslag