Hopp til hovedinnhold

Hulda Garborg

Hulda Garborg vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Grunngjevinga for utnemninga: «Ho har gjeve oss songdansen og gått i brodden for arbeidet med å ta uppatt norsk klædebunad.»

Foto av Hulda GarborgFoto av Hulda Garborg

Karen Hulda Garborg, f. Bergersen, blei fødd 22. februar 1862, i Stange i Hedmark. Hennar namn er uløyseleg tilknytt teater, folkekunst og bunad. Ho var ei evnerik kunstnar, og heilt sentral i norskdoms- og nynorskarbeidet. Ho blir omtalt som ei sjeldan vidsynt og revolusjonær kvinne, som var opptatt av å gjere framtidas samfunn betre enn i eiga levetid. For å oppnå dette meinte ho ein måtte ta vare på det beste frå det gamle bondesamfunnet og byggje vidare på det.

Hulda blir rekna som sjølve pioneren innan bunadsarbeid i Noreg. Det var ho som tok i bruk ordet bunad for fyrste gong, som nemning på dei nye draktene som kom rundt hundreårskiftet 18-1900-talet. Den fyrste drakta ho laga tok utgangspunkt i Hallingbunaden, som ho gjorde meir tidhøveleg. Denne drakta blei nesten like utbredd som Hardangerbunaden, og fekk seinare tilnamnet Hulda Garborg-drakta.

Bunadene skulle vere praktiske for tida vi lev i, meinte Hulda. Ho var ikkje framand for å endre der ho meinte det var naudsynt, til dømes ved å ta i bruk lettare stoffar, eller endre snitt. Ho var meir opptatt av at tekstila måtte vere heimevevd, og broderia i ullgarn. Særleg la ho vekt på rosebroderi, med inspirasjon frå Hallingdal og Telemark, og i løpet av fyrste halvdel av 1900-talet var ho med på å komponere bunader med mønster inspirert av broderi funne på luer og vesker rundt omkring i landet. Desse bunadene var lausrivne frå tradisjonen, og Hulda sjølv omtalte dei som «tillempa bunader». Denne metoden blei idealet for utviklinga av nye bunader, og over heile Noreg dukka det opp livkjolar med lite variasjon i snitt, men med lokalforankra broderi.

Hulda ga ut bøker og skrift nesten årleg, og gav ut romanar, skodespel, dikt, debattbøker, folkeopplysningsskrift og sjølvbiografiske bøker. Desse vekte både oppsikt og diskusjon, og tok for seg mellom anna kvinnesak og folkeopplysning. Dei fleste bøkane skreiv ho på riksmål, med dialektinnslag, men diktsamlinga Kornmoe (1930) og sjølvbiografien Barndomsminne (1935) er skreve på nynorsk. Tema som går att i verka hennar er kjærleik, kvinnepsyke og frigjering. I tillegg til skjønnlitteraturen skreiv Hulda talrike artiklar og innlegg for blant anna Syn og Segn, Den 17de Mai, Dagbladet og Verdens Gang. I 1909 skreiv ho ei bok om filosofen Jean-Jacques Rousseau, der ho slutta seg til hans tankar om politikk og frigjeringsspørsmål. Inspirert av Rousseau idealiserer ho fjellbygda, bondelivet og bygdelivets fellesskap.

I ei samtid der menn dominerte dei norske teatera, var ho den kvinnelege forfattaren som fekk flest skodespel opp på scena. Dei dramatiske verka inkluderte større drama, og mindre farser og lystspel. I 1895 blei ho leiar, instruktør og skodespelar i Det Norske Spellaget. Dette var det første riksteateret i landet, og forløparen til Det Norske Teatret, som ho var med å grunnleggje i 1913. Teateret opna til store reaksjonar, ved å sette opp Jeppe på Bjerget av Ludvig Holberg, oversett til nynorsk. Stykket utløyste massedemonstrasjonar utanfor teaterbygningen og resulterte i eit masseslagsmål med så mange som 20 000 menneske i gatene. Denne hendinga blei seinare omtalt som Teaterslagsmålet. 

Hulda Garborg var opptatt av å gjenreise kulturen i dei norske bygdene. Ho oppdaga at folkedansen var i ferd med å forsvinne frå bygdene, og reiste difor på studietur til Færøyane for å studere folkevisene og songdansen der. Tanken var å få norske folkeviser tilbake i praktisk bruk, ved hjelp av færøyske kjededansar. Opphaldet på Færøyane resulterte i bøker som Norske Dansevisur frå 1913, som blei utgitt av Noregs Ungdomslag, og songdansen spreidde seg fort i ungdomslaga rundt omkring i landet.

Fleire heidersmedlemer

Foto av Elias MelværFoto av Elias Melvær

Elias Melvær

Elias Melvær vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921.

Gunnar RødalGunnar Rødal

Gunnar Rødal

Gunnar Rødal vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2001.

Egil Bakka deler ut heidersprisen til Tor Stalvik i 2021Egil Bakka deler ut heidersprisen til Tor Stalvik i 2021

Tor Stalvik

Tor Stallvik vart utnemnd til heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 2021.