Image

Ei veke att til nordisk dansestevne i Steinkjer

BarneleikfestbileteTysdag 10. juli opnar Nordlek 2012, ein nordisk festival med fokus på folkedans, folkemusikk og folkekultur frå alle dei nordiske landa.

2000 tilreisande frå Noreg og dei andre nordiske landa er venta, i tillegg til at mange av Steinkjer sine over 20 000 innbyggjarar kjem innom eitt eller fleire arrangement i festivalveka frå 10. til 15. juli.

Deltakarane kan forberede seg på ei mangfaldig festivalveke, der oppvisningar, kappleikar, samdans, talentutvikling og ein eigen kunstnarleg profil er kjenneteikn.

Det blir dansar frå alle dei nordiske landa og kurs i spesialiserte "folkedansformer" for dei spesielt interesserte, i tillegg til meir kjente variantar, som sving, tango - rett nok med finsk vri og sjølvsagt hallingen.

Noregs Ungdomslag er arrangør og samarbeidspartnar i Nordlek-samarbeidet. Lokal natur og kultur pregar òg festivalen, som lokalt blir skipa til av Stiftinga Hilmar Alexandersen, som kvart år arrangerer Hilmarfestivalen. Festivalsjef er Johan Einar Bjerkem, som er dagleg leiar i stiftinga og tidlegare styreleiar i NU.

I dagane før festivalen, arrangerer Noregs Ungdomslag til nordisk sommarleir for ungdommar mellom 14 og 26 år. Sommarleiren har 80 påmeldte deltakarar frå Noreg, Finland og Færøyene.



 Image
Image

Heimesider til laget ditt?

- få heimesider med NU profil
            

Noregs Ungdomslag • Tollbugata 17 • Postboks 414 sentrum 0103 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • E-post: post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad

Design og publiseringsløsning: mpDesign